Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framifrå medlemsvekst i Austevoll

 (03.06.2011)

Austevoll Mållag vart oppstarta våren 2010. I 2009 var det sju medlemer i laget og ved årsmøtet i april i år hadde laget snart 40 medlemer.

Leiaren i Austevoll Mållag er heiter Eli Kari Algrøy. Våren 2010 laga Norsk Tidend intervju med henne.

– Det har vore eit sakn at det ikkje har vore mållag i Austevoll. For ei tid tilbake var det eit aktivt mållag, og då hugsa eg at vi hadde nokre festlege møter, fortel Eli Kari Algrøy. Etter at eit interimstyre hadde førebudd oppstarten og kalla inn til møte, i samarbeid med Hordaland Mållag, var laget rett og slett nystifta. Styret har ikkje kome i gang at etter sommaren, men dei har laga seg nokre gode planar.

Gode planar
– Vi vil starte opp tre grupper som skal ta seg av tre typar oppgåver. Den eine gruppa skal tilby verksemde å hjelpe til med korrektur på nynorske tekstar. Ei gruppe skal samla og ta vare på ord og uttrykk frå austevolldialekten. Den siste gruppa skal arbeide med å by inn til bokbad, seier Eli Kari Algrøy.
– I samarbeider med eit nytt bakeri som heier Kulturbakeriet. Det held til i kjellaren på den gamle prestagarden på Storebø. Det er veldig populært og vi har allereie hatt eit bokbad saman med Kulturbakeriet, der Einar Økland kom. Det var heilt fullt og kjempepopulært, fortel Eli Kari Algrøy.

Nynorskkommune
Ho fortel at oppstaren av Austevoll Mållag er møtt med stor interesse. I Austevoll er nynorsk opplæringsmål i skulen og lokalavisa Marsteinen er på skriven på nynorsk. Men det er likevel mykje bruk av bokmål i næringslivet og i kommunen, og det nystarta mållaget meiner dette er viktig å gjere noko med.
– Trass i at Austevoll er ein nynorskkommune, er det lett å gå over til bokmål. Det må vi prøve å gjere noko med, seier Eli Kari Algrøy.

Vil du kome i kontakt med Austevoll Mållag? Send e-post til kasseraren Brit Astrid Rabben.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no