Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Uroa over nedgang i nynorskprosenten

 (06.06.2011)

- Det er trist å sjå at nynorskbruken har gått merkbart ned i fleire kanalar, seier Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen i ein kommentar til Allmennkringkastingsrapporten for 2010, som Medietilsynet har lagt fram.

I rapporten konkluderer tilsynet med at NRK ikkje innfrir kravet om minst 25 prosent nynorsk i kvar kanal. NRK får likevel ros for å ha
sett i verk mange tiltak for å gjera nynorsken meir synleg i kanalane. Toft er glad for tiltaka.

- Eg set utruleg stor pris på at NRK har dyktige programleiarar som nyttar nynorsk, og at kanalen har viljen til å nytta nynorsk og
dialekt i eigenproduserte kvalitetsprogram, som til dømes filmatisering av Vaffelhjarte som kjem seinare i år.

Han saknar likevel målbare resultat, særleg etter at NRK har lova tiltak i år etter år:

- Vi treng ikkje berre god nynorsk, vi treng mykje nynorsk. Når Stortinget har fastsett kravet om 25 prosent nynorsk, er det fordi dei
ser at nynorsk ikkje berre treng kvalitet, men òg kvantitet. NRK er einaste fjernsynskringkastaren som har eit spesifikt krav om kor
mykje nynorsk dei må nytta. Då er det særleg viktig at dei greier denne oppgåva.

Toft oppfordrar kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas til å leggja fram konkrete planar for korleis ein kan styrkja nynorskbruken i heile NRK.

For meir informasjon, kontakt Kringkastingsringen og les heile rapporten hjå Medietilsynet.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no