Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NRK må innfri nynorskkrava

 (07.06.2011)

- Det er skuffande at NRK ikkje greier å oppfylla krava om nynorsk, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

Allmennkringkastingsrapporten for 2010, som Medietilsynet la fram 6. juni, syner at NRK nok ein gong ikkje greier å nå måla som er sette. Nokre stader er det jamvel nedgang.

- Det har vore lova satsing og utviklingstiltak. No må NRK ta seg på tak og iverksetja gode tiltak. NRK har gode føresetnader for å greia dette, både gjennom medarbeidarane dei alt har, og ved å nytta Nynorsk mediesenter som kompetanseorganisasjon innanfor eiga verksemd. Ei av utfordringane ligg i få meir og betre nynorsk tekst på NRK.no, seier Rekve.

- Dei andre kringkastingsselskapa har òg noko å strekkja seg etter, avsluttar leiaren for Mediemållaget.


For meir informasjon sjå Mediemållaget.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no