Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norskfaget og sidemålet

 (15.06.2011)

Norskfaget er pressa. Den som er i tvil kan snakke med norsklærarane eller lese fagplanane. Faget er altfor omfattande, for uklart, for ambisiøst.

Det er blitt eit allment kommunikasjonsfag, med både nasjonalt og internasjonalt perspektiv, ut frå eit utvida og utflytande tekstbegrep som rommar det meste. Og alt dette skal evaluerast fortløpande, der den som evaluerer og den som underviser og rettleier er ein og same person, og der eleven har rett til å få hjelp til å forbetre karakteren, av same person – for eksempel i såkalla essay-skriving, ut frå meir eller mindre kryptiske sjangerkrav om kva eit essay er.

For lærarane som skal undervise, rettleie og evaluere i alt dette, blir arbeidsdagen rett og slett for kort. Mange norsklærarar står framfor alternativet mellom å ’ta det lett’ eller å slite seg ut. Dette er ein uhaldbar arbeidssituasjon.

Derfor trengst det ein nøktern gjennomgang av heile faget. For eksempel, eit essay er ein krevjande sjanger som få meistrar; dessutan ville det kanskje vere vel så nyttig og lærerikt å beskrive eit naturfagleg fenomen eller referere ein diskusjon om eit interessant tema. For yngre elevar er det nok å fortelje om ein hyggeleg tur eller om noko skummelt ein har opplevd, eller å beskrive ein fotballkamp eller ein sykkel. Kort sagt, det trengst ei realistisk overhaling av faget: Norskfaget bør primært vere eit norskfag, med vekt på norsk språk og litteratur.

I denne situasjonen er det dei som vender seg mot sidemålet, slik vi har sett i avisdebatten i det siste. Men ei trimming av sidemålet vil uansett ikkje redde norskfaget, ikkje arbeidsmessig og ikkje fagleg. Her trengst det ein grundig gjennomgang av heile fagplanen. Framgangsmåten bør vere slik: Først må norskfaget trimmast, som norskfag. Deretter er det tid for ein gjennomgang av kjerneområdet for norsk språk og litteratur, der både bokmål og nynorsk høyrer heime.

Og då kan det vere nyttig med ei avklaring av termane ’skriftleg’ og ’munnleg’, som står så sentralt i den offentlege debatten. Eit eksempel: i det gamle gymnaset var fransk eit munnleg fag, ikkje skriftleg. Elevane vart ikkje trena i å snakke fransk; dei las og omsette fransk litteratur. Men sjølv om dei ikkje skreiv fransk, måtte dei likevel lære fransk grammatikk. Tysk, derimot, var skriftleg; men elevane skreiv gjenforteljing, ikkje stil. I den vidare debatten er det derfor viktig å klargjere kva ein meiner når talar om ’skriftlege’ og ’munnlege’ fag.

av
Professor em. Gunnar Skirbekk

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no