Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jesus snakka ikkje bokmål

 (15.06.2011)

– Det er viktig at ungane som veks opp, ikkje trur at Jesus snakka bokmål, seier Helga Hjetland i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa. Gruppa krev at barn over heile landet får lovfesta rett til trusopplæring på si eiga målform.

Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård (t.v.) og styremedlem Helga Hjetland overrekte torsdag ei fråsegn om lovfesta rett til trusopplæring på nynorsk til direktør i Kyrkjerådet Jens-Petter Johnsen. (Foto: Tarjei Vaagstøl)


– Det er viktig at ungane som veks opp, ikkje trur at Jesus snakka bokmål, seier Helga Hjetland i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa. Gruppa krev at barn over heile landet får lovfesta rett til trusopplæring på si eiga målform.
På vegner av gruppa overleverte Helga Hjetland saman med leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård torsdag ei fråsegn om språkleg rettferd i trusopplæringsreforma til direktør i Kyrkjerådet Jens-Petter Johnsen. Over hundre sokneråd har slutta seg til oppropet.
I fråsegna heiter det at lite av det materiellet som blir brukt i trusopplæringa i dag, er på nynorsk. Det gjeld både skriftleg materiell, dvd-ar og cd-ar.
– Barn og ungdom med nynorsk som opplæringsmål blir i dag utsette for ei tydeleg språkleg diskriminering i Kyrkja, heiter det.

Aktiv aksjonsgruppe
Aktive nynorske kyrkjegjengarar har danna aksjonsgruppa «Gruppa for språkleg rettferd i trusopplæringa». Helga Hjetland, som også er styremedlem i Noregs Mållag, er sjølv medlem av gruppa.
– God trusopplæring på nynorsk har vore eit sakn. Vi fann ut at vi måtte laga ei fråsegn om kor viktig det er å ha dette lovheimla, slik at dei som skal laga materiell, kan få pengar til det, seier ho.

Krev lovfesta jamstelling
Gruppa viser til at nynorsken i skulen er sikra gjennom opplæringslova som slår fast at lærebøker og læremiddel skal liggja føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.
– Ei tilsvarande jamstelling må få heimel i lov og regelverk som gjeld for Den norske kyrkja, heiter det i fråsegna til aksjonsgruppa. Gruppa krev at Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet gjer vedtak som stimulerer til ei slik tilføying i lova.

Kyrkjerådet vil greia ut
Direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet er i utgangspunktet positiv til kravet om språkleg jamstelling.
– I den grad vi har kontroll over materiellet, ønskjer vi at dette skal gjerast på begge målformer, seier han.
Han seier at Kyrkjerådet ikkje har så mange verkemiddel, men at dei vil stilla krav om at materiellet blir laga både på nynorsk og bokmål i dei tilfella der dei lyser ut pengar til å produsera trusopplæringsmateriell.
Johnsen seier også at Kyrkjerådet vil greia ut kravet om å lovfesta retten til trusopplæringsmateriell på begge målformer.
– Vi vil også leggja saka fram for kyrkjerådsmøtet i september, seier Johnsen, som legg til at Kyrkjerådet òg vil drøfta saka med departementet.

Glad for oppfølging
Helga Hjetland er glad for tilbakemeldingane frå kyrkjerådsdirektøren.
– Det er positivt at direktøren i Kyrkjerådet vil følgja opp saka med Kyrkjerådet, setja i gang utgreiingsarbeid og skapa større medvit om at begge målformer blir ivareteke når det blir lyst utviklingsmidlar til å utvikla materiell, seier ho.
Mållaget håpar også få til eit møte med kyrkjestatsråden om saka. (©NPK)

NPK / Margunn Sundfjord
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no