Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heavykatten til Bygdalarm

 (17.06.2011)

Bygdalarm i Øystese blir skipa til for femte gong 30. juni - 2. juli og mellom artistane finn ein Roald Kaldestad og framsyinga hans om Heavykatten.

Foto: Truls Horvei
Roald Kaldestad syner at høgtlesing frå barnebøker kan vere så mykje. (Foto: Truls Horvei)

Som andre 5-åringar så vil festivalen markera dette med eit slabberas for ungane: Heavykatten av Roald Kaldestad. Då Bygdalarm starta opp var både styre og hovuddelen av publikum samansatt av folk i midten og slutten av tjue-åra. Då er det naturleg at det har vorte til ein del komande smålarmarar og kva passar betre enn å feira med ei eiga barneførestilling?

Ny grafisk profil
I år har festivalen fått ny grafisk profil. Eirik Higren og kruet hans i Kassett har utarbeida den flunkande nye logoen og resten av marknadsføringsmaterialet.
- Målet var å spissa ein profil som reflekterer det som festivalen står for: kross-sting, ein moderne font samt fargane til Felleskjøpet gir rett kombinasjon, seier AK Teigland, sjef for Bygdalarm. Eit anna tiltak for å spissa profilen har vore å samla inn gamle bilete gjennom å oppmoda kvemmingar med hjelp av lokalavisa Hordaland Folkebladtil å senda inn foto. Resultatet ser ein i årets program og plakat.

Pop til folket
I motsetning til mange andre festivalar, har Bygdalarm hatt sterke økonomiske år og vore eit av eksempla på ein levedyktig festival. I år har Teigland fått ein favoritt til å vitja Hardangerfjorden.
- Det er knallkjekt å kunna presentera Wombats, eit band som publikum diggar slik at dei ved eit tilfelle fekk golvet til å knekkja. Mottoet vårt "Deilegpop til folket" er eit faktum med Wombats. Det er kontraktfesta at alle banda på Bygdalarm får fenalår som del av honoraret. Eg skal personleg velja ut fenalår til Wombats, trur eg til og med skal finna eit utan mygl!

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no