Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Austigard ny direktør i Samlaget

 (23.06.2011)

Det Norske Samlaget har tilsett økonomen og forfattaren Edmund Austigard som ny forlagsdirektør.

Edmund Austigard tek over som forlagsdirektør i Samlaget.(Foto: Jarle Vines)

Austigard er i dag administrerande direktør i Den Norske Bokdatabasen. Rogalendingen tar over etter konstituert direktør Tom Skovdahl seinast ved årsskiftet, går det fram av ei pressemelding frå forlaget.

– Styret har hatt ein god prosess med fleire kandidatar å velje mellom. Edmund Austigard utmerkte seg etter kvart som det opplagt beste valet, seier styreleiaren i Samlaget, Kristin Bjella.

– Han har, slik styret ser det, dei beste kvalifikasjonane og inngåande kjennskap til bokbransjen. I tillegg til det nemnde utmerkjer Austigard seg også ved å vere skjønnlitterær forfattar, økonom og aktiv nynorskbrukar, seier ho.

Tidlegare forlagsdirektør Tove Lie gjekk av på kort varsel i februar i år, og Tom Skovdahl har sidan da fungert i stillinga.

NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no