Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Festspel og boknatt

 (27.06.2011)

Denne helga var det både Dei nynorske festspela og Boknatti i Fjærland. Mykje gode bøker, konsertar, forteljingar, songar, samtalar og festar på nynorsk.

Årets emne for Dei nynorske festspela var Kjærleik. I fire dagar var det program i Ivar Aasen-tunet og 14 andre stadar i Ørsta og Volda. På laurdag føremiddag hadde Ørsta Mållag stand i sentrum saman med festspelfrukosten.



Programansvarleg Åshild Widerøe er særleg stolt av ei tverrkunstnarleg danseframsyning skapt av Solveig Styve Holte laurdag. Opningskonserten torsdag med Kari, Ola og Lars Bremnes samla heile 708 gjester og var noko Dei nynorske festspela har arbeidd med i fleire år for å få til. Eit tredje kunstnarleg høgdepunkt var ein litterær konsert med Bodil Cappelen og Sigrid Moldestad bygd over brev og dikt av Olav H. Hauge. – Den magiske stunda er ei av dei ypparste i festspelhistoria, seier Åshild Widerøe.

Programmet strekte seg frå sterk kunst og varm humor til stort alvor. Meir enn 25 skjønn- og faglitterære forfattarar var i aksjon, og Widerøe ser ein klar tendens:

– Livskrafta og tilveksten i den nynorske litteraturen er så stor at vi har meir enn nok med å ta unna. Etter fire dagar som festspeldiktar har sjølv ein så respektert forfattar som Bjørn Sortland nådd ut til mange ny lesarar. Ikkje noko gler oss meir, seier Åshild Widerøe.

Professor Rolf Theil har gjennom fleire år snakka om all verdas språk på Dei Nynorske festspela. I år var turen komen til ordet kjærleik. Også denne gongen gav han eit spennande føredrag, om kjærleiken i mange språk. Viste du til dømes at språket fulfulde er det vakraste språket Rolf Theil veit om. Og på fulfulde heiter kjærleik: yiide.



Vil du sjå fleire bilete frå Dei nynorske festspela? Sjå innom fotoalbumet til Noregs Mållag på Flickr. Her kan du også få med deg nokre glimt frå Boknatti i Fjærland.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no