Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vi er alle råka

Terroråtaka i Oslo og på Utøya fredag 22. juli har råka oss alle.

Nokre har mist ein familiemedlem eller ein nær ven. Nokre har mist ein kjenning, kollega eller samarbeidspartnar. Alle desse har igjen familie og vennekrins som vert påverka av å få død og terror så nær innpå seg. Men kjensla av å vere råka stoggar ikkje der. Sorg og uro, fortviling og sjokk er noko som vert delt av alle. Det er heile landet som vart angripe den 22. juli. Vi er alle råka.

Sjølv har eg arbeidd med ungdomspolitikk i mange år, og terroråtaka vert eit åtak på det demokratiet eg har jobba i og for. Eg er viss på at eg deler denne kjensla med alle dykk andre som er aktive i lag og foreiningar. Offentleg meiningsbryting, politisk aktivisme gjennom ord og argument og respekt for meiningsmotstandaren er grunnlaget for både ungdomspolitikk og målstrid.

Mållaget vil syne vår medkjensle med pårørande, familie og vener til dei som miste livet denne dagen. Vi tenkjer òg på dei som opplevde åtaka på nært hald og overlevde. Vi gjev vår støtte til AUF som vart ekstra hardt råka av åtaket.

Vi minnest dei som døydde. Mellom desse fanst både personar med tillitsverv i og god kontakt med målrørsla. Vi skal minnast dykk gjennom å halde fram med det arbeidet de òg var ein del av.

Til slutt ei oppmoding: Ver rause med klemmar desse dagane. Sei til dine nære at du er glad i dei. Møt dine meiningsmotstandarar med respekt. Om dei tragiske hendingane 22. juli skal endre oss, så skal det vere til det betre.

Varme helsingar frå

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no