Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med dagen!

 (02.08.2011)

I dag, 3. august, fyller Norsk Målungdom 50 år. Noregs Student- og Elevmållag vart stifta i samband med landsmøtet i Noregs Mållag på Vinstra i 1961. Hans Olav Tungesvik var på stiftingsmøtet og vart seinare leiar i Noregs Mållag. I sommar var han gjest på jubileumssumarleiren til Norsk Målungdom på Vinstra. Dagens leiar heiter Janne Nygård.

Noregs Student- og Elevmållag skifta namna til Norsk Målungdom i 1972. I jubileumsåret har målungdomen markert rundt år på både landsmøtet i vår og på sumarleiren.

I dag vert det ei markering på Teaterplassen i Oslo (utanfor Oslo Mekaniske) klokka 15.

Markeringa er open for alle, ikkje berre medlemer i Norsk Målungdom eller Noregs Mållag. Det vert ei markering av Norsk Målungdom, men også ei feiring av alt ungdomsengasjement.
– Vi legg ned litt blomar, seier eit par ord og etterpå set vi oss ned på Oslo Mek og pratar, fortel Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Alle er hjarteleg velkomne!

Er det noko du lurer på eller vil du sende ei helsing til Norsk Målungdom?
Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, telefon 916 16 637

Bloggen til Norsk Målungdom: http://blogg.malungdom.no/
Norsk Målungdom på Facebook: http://www.facebook.com/pages/Norsk-Målungdom/23323129273?ref=ts&sk=wall

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no