Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Arne Moslåtten blir festspeldiktar

 (08.08.2011)

Han er den 19. forfattaren som er festspeldiktar, men det er første gongen ein songlyrikar får dette oppdraget. Dei nynorske festspela 2012 har “Songen” som tema. Festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Hellbillies fekk Målprisen av Noregs Mållag i 2001. Då var det låtskrivar Arne Moslåtten som tok imot prisen på vegne av gruppa. Les pressemelding som vart sendt ut i det høve for ti år sidan.

Festspel om songen
– Med Moslåtten som festspeldiktar gir vi songlyrikken den plassen denne dikte- og brukskunsten fortener i norsk litteratur, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

– Moslåtten er ein framifrå vise- og songdiktar, song har gjort nynorsk og dialekt meir sjølvsagt, og songen spelar ei viktig rolle i samfunnet. Alt dette vil vise att i festspelprogrammet for 2012, seier Widerøe.

150 songar på dialekt og nynorsk
Festspeldiktaren ser ikkje på seg sjølv om nokon lyrikar og meiner han har meir felles med ein kryssordløysar.
– Målet mitt er å få musikken til å verke i lag med språket, seier Moslåtten.

Arne Moslåtten er fødd i 1948. Musikklæraren frå Ål i Hallingdal har spelt i mange grupper og band, like frå han var 17 år gamal. I 1990 blei han med i Hellbillies. Moslåtten har signert alle Hellbillies-tekstane unnateke éin. Han har også skrive for artistar som Rita Eriksen og Olav Stedje, og han har gitt ut fleire bøker.

Til saman har Arne Moslåtten dikta og gjendikta om lag 150 viser og songar. I 2008 fekk han Edvard-prisen for tekstane til Hellbillies-albumet “Spissrotgang”.

Les meir om Arne Moslåtten hjå til dømes www.allkunne.no

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no