Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Satsar på nynorsk!

 (16.08.2011)

Skogstad Sport kjem i desse dagar med ny haust/vinter-katalog. Og denne hausten kjem katalogen for fyrste gong på nynorsk.

Skogstad Sport AS er 70 år gamalt og har hovudkvarteret i Innvik i Stryn. Til no har firmaet satsa på bokmål, men frå no av skal dei gå over til nynorsk.

- Vi er stolte av alt vi gjer. Røtene våre og historia vår er viktig. Og ikkje noko for oss er meir naturleg enn nynorsk, seier Knut Roger Nesdal, sals- og marknadssjef i Skogstad Sport AS til Sunnmørsposten.

Tidlegare i vinter laga Skogstad Sport reklamefilm saman med medielinja på Firda vgs og den fekk veldig god mottaking: Film frå Skogstad Sport AS. For i grafisk produksjon og i sosiale media vel dei no å nytte seg av kompetansen frå elevar ved Firda vidaregåande skule.

Viktig for identiteten
For Skogstad er dette eit viktig grep som er med på å fortelje mykje om identiteten til vestlandsbedrifta.
– Vi ser på det som eit kvalitetsstempel. Vestlendingar står for kvalitet og det dei gjer og det er noko vi ynskjer å få fram i marknadsføringa vår, seier Knut Roger Nesdal til NRK Sogn og Fjordane.

Ingen negative tilbakemeldingar
- Vi har ikkje fått negative reaksjonar. Dei som har oppdaga det har gjeve god tilbakemelding og er einige i dei vala vi gjer, fortel Knut Roger Nesdal til Sunnmørsposten.

Denne hausten lanserer Skogstad ein ny ungdomsmerke som heiter Bre. Også det lokalt forankra. Målgruppa her er frå mellom 12 og 20 år. Det vil bli ein heilt andre fargar, snitt og design enn det som er vanleg for Skogstad.



Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no