Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Alt anna enn skriftleg

 (31.08.2011)

På landsmøtet til Høgre vedtok partiet å arbeide for valfritt sidemål i ungdomsskulen. Elisabeth Aspaker, utdannings- politisk talskvinne i Høgre, svarar på kvifor.

– Er dette no den offisielle politikken til Høgre?
– Det er usemje om dette i partiet og det er ei ærleg sak, og det som er programfesta i dag er at partiet skal arbeide for at sidemålsundervisninga skal gjerast valfri i den vidaregåande skulen. Det vil nok difor kome eit nytt ordskifte om dette i samband med programarbeidet til stortingsvalet. Men eg trur at det er utenkjeleg at partiet skal snu i dette spørsmålet. Det toget trur eg er gått.

– Var det bakgrunnen for vedtaket?
– Hovudargumentet vårt er at norske elevar slit med å skrive hovudmålet sitt godt. Me trur det ville ha vore betre om dei kunne få lov å konsentrere seg om hovudmålet skriftleg. Det betyr ikkje at ein skal ta vekk sidemålet, noko som i dei fleste tilfella vil seie nynorsk. Me har heile tida vore klåre på at sidemålet ikkje skal svekkjast. Me ynskjer meir litteratur, større vektlegging av språkhistoria og av kulturarven. Då Høgre la fram Kunnskapsløftet, gjekk me inn for at elevane skal lære seg to obligatoriske framandspråk, der det skulle vere ei munnleg språkopplæring. Det er den tenkinga me vil overføre til norskfaget.
– Det er heller ingenting i vegen for å gje nynorsk litteratur og saksprosa større plass i skulen, t.d. ved å ha nynorske lærebøker i eit anna fag. Då trur eg at elevane ville fått eit anna forhold til nynorsk, og fått det meir inn under huda. Samstundes bør litteraturdelen i norskfaget styrkjast og då særleg med tanke på nynorsk litteratur. Eg trur det er viktig å skape ein goodwill for nynorsk, at bokmålselevane les og blir kjende med språket, men at det er dei elevane som har det som hovudmål, som skal bere dei kvalitative sidene ved nynorsken vidare. Eg har sjølv vore lærar i ungdomsskulen og snakkar mykje med tidlegare kollegaer, og eg er overtydd om at ein ville ha gjort nynorsken ei stor teneste om ein kunne unngått mykje av den kranglinga med elevane om kvifor dei skal lære seg to skriftspråk.

– Vil ikkje dette få konse- kvensar for korleis språklova blir handheva? Blir det ikkje vanskeleg å krevje at dei som skal arbeide i til dømes statsforvaltinga skal kunne skrive både nynorsk og bokmål om dei aldri har vore borti nynorsk?
– Den føresetnaden blir jo heilt feil. Eg trur det er fullt mogleg å lære seg ganske mykje nynorsk ved å lese det, ved å høyre det og ved å bli kjent med det, utan at ein har lært seg bøying av verb. Om du får behov for å kunne det skriftleg i ein framtidig jobb, så må ein lære seg det på same måten som ein lærer seg andre fag ein treng i ulike jobbar. Det må vere råd å plukke opp faget når ein treng det.
– Den største utfordringa er likevel dei svakaste elevane. PISA-undersøkingane syner jo at det er ein stad mellom femten og tjue prosent av elevane som har pro- blem å ordleggje seg godt og med rett språk sjølv i hovudmålet sitt.

– Har det skjedd noko i med elevane sine evner til å lære seg to språk dei siste åra, eller er dette noko de meiner har vore slik heile tida?
– Det er ikkje godt å seie, sidan me ikkje har hatt slike undersøkingar tidlegare. Men om du går inn i skulen og høyrer med lærarar som har vore i skulen i fleire tiår, så vil dei nok seie at problematikken kring sidemålsopplæringa alltid har vore der. Eg har jo god kontakt med dei tidlegare kollegaene mine, og dei er like i stuss over denne øvinga. Spørsmålet er om ikkje me skal bruke ressursane på ein annan måte enn å tru at det er sidemålsundervisninga som skal redde nynorsken.

– Vil ikkje eit slik vedtak som de gjorde på landsmøtet gjere det endå vanskelegare for lærarar å argumentere for kvifor elevar skal lære seg nynorsk? Fyrer ein ikkje berre oppunder den skepsisen som er i skulen?
– Eg opplevde ikkje at ord- skiftet på landsmøtet var eit spy-norsk-ordskifte. Det tek eg avstand frå, det er ikkje det me vil. Men eg trur det er viktig for nynorsken sin status i det norske samfunnet at fleire får ei meir positiv haldning til språket. Det trur eg ikkje er råd å få til slik faget blir undervist i dag. Eg trur ikkje at framtida til nynorsk ligg i at bok- målselevane skal lære seg å skrive språket .
– Eg har forståing for dei som spør kvifor me skal beherske to parallelle norske skriftspråk når me lever i den verda me lever i, der det er mykje viktigare, for til dømes norske arbeidsplassar, at me heller lærer oss eit framandspråk til. Uansett kva yrke ein endar opp med, så møter ein til dømes arbeidsmanualar på tysk eller engelsk. Så eg trur me må vurdere korleis me innrettar norskundervisninga i samsvar med den verda me lever i.
– Det kan ein jo vere samd i. Men det er ikkje mange år sidan det var vedteke ei stortingsmelding om språk, der ein la vekt på at det uansett var viktig å ta vare på norsk språk.
– Dei elevane som ynskjer å lære seg nynorsk, skal sjølvsagt få lov til å gjere det.

– Trur du at det er nokon bokmålselevar som kjem til å velje å ha nynorsk som sidemål?
– Kvifor skulle det ikkje vere det?

–Avdi dei i mange år har fått høyre at dei ikkje har bruk for det. Du nemnde jo sjølv at mange lærarar har vanskar med å argumentere for kvifor elevane skal lære seg nynorsk. Den nynorskundervisninga du skisserer, reduserer jo nynorsk til eit kulturemne, meir enn at det er eit levande språk og eit verktøy.
– Hadde det vore slik at me gjekk inn for å fjerne språket heilt, så hadde eg forstått reaksjonane. For flinke elevar trur eg ikkje at nynorsk er noko problem. Men for mange andre elevar så trur eg at dette kan vere utslagsgjevande for at dei greier å meistre hovudmålet sitt skikkeleg.

– Er dette eit inntrykk du har, eller finst dei ei undersøking som stadfestar dette?
– Dette seier jo lærarar som står framføre klassane, og dette har jo eg opplevd sjølv. Me skjerma jo dei svakaste elevane frå å lære seg eit ekstra språk som dei overhovudet ikkje beherska.

– Forstår du redsla for at ei slik tilnærming til faget kan føre til at nynorsk mister statusen sin som nasjonalt språk?
– Det forstår eg ikkje. Med dei føringane som mellom anna er lagde i Språkmeldinga, så er det ingen tvil om at den posisjonen nynorsk har i det norske samfunnet er spikra fast. Den posisjonen blir halden i hevd ved at ein gjev nynorsk ein stor plass i norskfaget, berre med unnatak av det skriftlege. Eg trur den redsla er overdriven og at ein har ei overdriven førestilling om kva nivå nynorskkunnskapane til elevane som kjem ut av den vida- regåande skulen faktisk har. Forvaltinga må ha eit høgare krav enn den knotenynorsken som mange elevar kan når dei går ut av skulen.

– Men kven sin feil er det at elevane ikkje kan god nynorsk? Er det dei sjølve, faget eller lærarane som sviktar?
– Eg trur det har noko med haldningar å gjere. Elevane blir møtt med to parallelle norske språk og ein skjønar ikkje kvifor det er slik. Eg tru at det påverkar kor mykje krefter ein legg inn i arbeidet. Flinke elevar greier dette fint, og kjem gjerne ut med minst like god karakter i sidemålet som dei har i hovudmålet. Men problemet er den gemene hop. Det er sikkert råd å få ut statistikk på dette, å sjå kor mange elevar som har dårlegare karakter i nynorsk som sidemål enn hovudmålskarakter.

– Det studentar på lærarskulen i Oslo kvir seg mest til, er å skulle undervise i nynorsk som sidemål. Er det av di dei kjenner seg fagleg svake eller er det av di dei reknar med å møte ein motvilje mot faget?
– Det kan sjølvsagt vere at dei kjenner seg usikre reint fagleg, men det kan og vere at dei hugsar attende til sin eigen skulegang. Det er sikkert todelt det der.

– Men då går jo haldningane i arv, og nynorsk blir nesten som ei arvesynd ein aldri kjem i frå.
– Ein kjem jo ikkje unna den fundamentale problemstillinga om kvifor elevane skal lære seg to skriftspråk så lenge alle i Noreg skjønar begge språka. Vegen til eit levande nynorsk språk går gjennom dei som har det som hovudmål og som veks opp i dei områda av landa der språket er rotfest. Det er dei som er dei fremste til bere kvaliteten vidare.

– No blir det færre og færre av dei som har nynorsk som hovudmål.
– Ja, bli det det? Ligg det ikkje nokolunde stabilt på om lag tretten prosent?

– Jo, men der ein har opna for valfridom, ved at elevane kan velje hovudmål ved overgangen til den vidaregåande skulen, der ser ein at mange fell i frå. Særleg ser ein dette i randsonene. Nynorskbrukarar er ikkje ein eigen etnisitet, det er ikkje noko ein fell attende på. Det er ei politisk avgjerd at me skal ha to språk her til lands, og spørsmålet er korleis ein legg best til rette for det.
–Då må ein jo sjå nærare på tiltak som kan rette på dette, korleis ein kan setje inn ekstraordinære midlar i dei delane av landet der dette er eit problem. Men det å påtvinge elevane skriftleg nynorsk i resten av landet, er ikkje det som reddar nynorsken. Blant dei fylka der nynorsken står sterkt, er òg fylke med auke i folketalet. Så eg vil ikkje spå at talet på nynorskelevar vil gå ned. Og så må me sjå nærare på kvifor elevar vel vekk nynorsk når dei kjem på den vidaregåande skulen, det burde vore mogleg å forske seg til.

– Eg blir litt skeptisk når du no snakkar om forsking og stimulering. Kva konkrete framlegg tiltak har Høgre for å styrkje nynorsken sin posisjon i skulen?
– Oppgradere litteraturdelen, lese meir og ta nynorsken inn i andre fag. Det trur eg vil gje bokmålselevar eit heilt anna forhold til språket og det blir ikkje lenger ein sidedisiplin i norskfaget. Mange av bokmålselevane høyrer nok ein del nynorsk, men ser det knapt på trykk. Eg skulle gjerne sett at me hadde ei meir liberal presse som var meir open, og at det var råd å skrive på den målforma ein sjølv ville i til dømes Dagbladet, VG og Aftenposten.

– Er de opne for dette, eller vil de arbeide for det?
– Me må tenkje heilt nytt. Nynorsk må bli ein meir naturleg del av kvardagen for store delar av ålmenta, og ingen har noko har noko å tape på dette, alle minst nynorsken. Det er eg overtydd om.

– Kva tykkjer du om dei som seier «om sidemålet skal bli valfritt, skal algebra bli valfritt òg»?
– Hadde me hatt to matematikkfag, så kunne me sikkert hatt den diskusjonen.

– Men norsk er vel berre eitt fag?
– Ja, eller to skriftspråk då. Me har ikkje to typar algebra, me har ikkje bokmålsalgebra og nynorskalgebra.

– Forstår elevane kvifor dei må ha algebra?
– Det er sjølvsagt ei utfordring i mange fag. Dei fleste skjønar at dei må lære seg matematikk og engelsk, men mange har problem med å skjøne kvifor dei skal lære seg to skriftspråk. Det vil jo sikkert gjelde for dei som har bokmål som sidemål òg.

– Nynorskelevar blir eksponerte for bokmål på ein heilt annan måte og er i praksis to-språklege.
– Ja, men det treng ikkje bety at dei må skrive det. Du kan jo opparbeide kunnskapar med å lese og høyre eit språk. Det er slik me har tenkt når me har gjort framlegg om eit ekstra framandspråk i grunnskulen. Ein skal lære språket å kjenne, utan at det er naudsynt å skrive det.

Teksten vart trykt i Norsk Tidend 3 / 2011.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no