Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Snakk så eg forstår

 (02.09.2011)

– Skuleaksjonen Hei Verden har teke tilbakemeldinga, frå frusterte lærarar som saknar nynorskopplegg på alvor, og lanserer no kampanjen “Snakk så eg forstår”! Alt undervisningsmateriellet knytt til kampanjen er på nynorsk, fortel Kari Vestbø, dagleg leiar i Hei Verden!

Kampanjen blir lansert av sjølvaste Arne Garborg (alias Sigve Bøe frå Det Norske Teateret) på Garborgsenteret på Bryne. Då Arne Garborg gjekk på skule fekk han ikkje bruke sitt eige språk. Skulen var på dansk.

– I dag, 150 år seinare, får ikkje elevar i Andesfjella i Peru undervisning på deira morsmål, quechua. Skulen brukar spansk. No vil Hei Verden ha elevar i Rogaland med på å gje elevar i Peru ein lærar som dei kan forstå. Til gjengeld får dei norske elevane lære om livet og kvardagen til quechuaindianarane på sitt eige skriftspråk; nynorsk, seier Kari Vestbø.

– Vi er veldig glad for at Hei Verden gjennom kampanjen "Snakk så eg forstår" har synt at ein kan ta alle elevane på alvor, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Materiell på bokmål
Kvart år får norske skular drøssevis av tilbod om undervisningsmateriell. Om ein vil jobbe med miljø, nord-sør spørsmål, rus eller mobbing, så er det bare å velje.

– Så framt ein ikkje er ein av dei 80 000 elevane i landet som har nynorsk som hovudmål. Då er det ikkje mykje å velje i. Det aller meste som blir lansert er berre på bokmål, seier Kari Vestbø. Ho er godt nøgd med at Hei Verden! no lanserer ein heil undervisningskampanje med materiell og nettressursar på nynorsk.

– Vi får jamt inn klager frå elevar og lærarar som mottek undervisningsmateriell berre på bokmål, seier Håvard B. Øvregård.

– Noregs Mållag krev at organisasjonar som får statsstønad skal laga alt informasjonsmateriell som er tenkt brukt i skulen, på begge målformer. Alternativt kan ein bruka begge målformer i same publikasjon, halvparten nynorsk og halvparten bokmål, seier Håvard B. Øvregård.

– Mållaget ønskjer at materiell som berre kjem på bokmål vert returnert. Rett til opplæring på nynorsk må følgjast opp med at alt undervisningsmateriell er tilgjengeleg på nynorsk. Om friviljuge og ideelle organisasjonar vil ha innpass i skulen med sitt undervisningsmateriell må dei følgje spelereglane og syte for at det finst på både nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård. Norske elevar har etter opplæringslova, § 9.4, rett til å få undervisningsmateriell på hovudmålet sitt.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no