Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkåret 2013 rører på seg

 (07.09.2011)

– Mange har har allereie byrja å arbeida fram mot Språkåret, fortel Jens Kihl, prosjektleiar for Språkåret 2013.

– Språkåret 2013 skal femne om både nynorsk og bokmål, teiknspråk, urfolksspråk og innvandrarspråk, seier Jens Kihl. (Foto: Kjartan Helleve)


Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å utvikla planar for eit nasjonalt språkår i 2013. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret blei opna.
– I byrjinga var det vanskeleg, fortel Kihl som i vår tilsett som prosjektleiar.
– 2013 er eit jubileum både Ivar Aasen og for Det Norske Teatret. I tillegg skal det jo vera eit nasjonalt språkår. Berre det å ta inn over seg det Aasen gjorde og kva merke han har sett etter seg er jo til å mista motet av. Det er tusen ulike innfallsvinklar, og det er ikkje godt å vita kvar ein skal byrja. Men etter kvart som eg no har snakka litt med folk, og hatt nokre møter så går det lettare. Eg byrjar å få ei kjensle av at ballane rullar det same vegen.

Mange vil vere med
– Dei prosjekta som du har byrje å arbeide med?
– Dei òg, men det som slår meg er kor mange andre som allereie har byrja å arbeide fram mot 2013. Det er ikkje slik at me må dytta folk i gang for at det i det heile skal verta ei markering. Det trur eg er ein skilnad frå dei andre jubilea som har vore. Det er mange som har lyst til å vera med på dette.

– Kva vert din jobb då?
– Fyrst og fremst formidla kva som er det overordna måla med Språkåret. Me har nokre målsetjingar for året, og me ynskjer at alle i det minste skal vita om kva desse måla er. For det andre så er det min jobb å utvikla opplegg som kan vera til hjelp for dei som har lyst til å gjera noko. Snakke litt om kvar ein kan søkja pengar, kven ein kan samarbeida med og andre praktiske ting. Passa på at ein veit om kvarandre. Det inkluderer også å invitera dei som ikkje har tenkt på at dette er noko for dei.

– Kva er desse overordna måla?
– Det aller viktigaste er at folk vert stolte over det språkmangfaldet me har her i Noreg. Målet er at det nasjonale språkåret skal styrkja den språklege sjølvkjensla blant nynorskbrukarane og få folk til å verdsetja den språkdelte norske kulturen. Språktradisjonen vår er eit felleseige, og no vert han utvida med stadige fleire morsmål. Alt dette gjer at Språkåret ikkje berre vert ei markering for ein død mannleg forfattar, men ei skikkeleg feiring av språk.

– Er dette ei feiring av nynorsk eller av alle språk?
– Språkåret 2013 skal femna om både nynorsk og bokmål, teiknspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk og innvandrarspråk. Samstundes er det jo jubilea til Aasen og Teateret som er utgangspunktet her. Det er viktig at dette ikkje berre endar opp som generelle ord. Det er ein manglande respekt for vårt eige språkmangfald og særleg for nynorsk. Så dette er eit viktig språkpolitisk prosjekt.
Når det er sagt, har målrørsla ein lang tradisjon for å inkludera andre, som t.d. dei som arbeider for det samiske språket. Det Norske Teatret er mellom dei beste på å inkludera innvandrarungdom inn i teatret. Så eg trur ikkje dette er noka motsetning. Målrørsla veit kva det vil seie å stå på utsida, og ville aldri funne på å halda nokon utafor. Alle som ynskjer å vera med på feiringa, må kjenne seg raust velkomne, seier Kihl.

Språk er levande
– Har det kome nokre konkrete planar på bordet?
– Som sagt, så er det mange som er komne langt på veg med planar og idear, men det er enno litt tid til å gjera dei ferdige. Ein idé som har dukka opp i den vesle tida eg har halde på, er å få til eit seminar med alle språkmiljøa i Noreg. Mållaget har til dømes nokre treffpunkt med Riksmålsforbundet, men liten kontakt med teiknspråkmiljøet. Det er ulike interesser, men mange er sams. Det hadde vore stas å fått eit betre samarbeid mellom desse miljøa, og ein konferanse eller eit seminar er det minste ein bør få til.

– Det vert ikkje berre seminar, håpar eg.
– Det vert det absolutt ikkje! Dette skal vera ei feiring, og det skal vera så kjekt at alle har lyst til å vera med. Og sjølvsagt er det flott om det vert ein tikronar med Aasen på og ei festframsyning som går på NRK1 ein laurdagskveld. Men det fantastiske med dette året er at me feirar noko levande, seier Kihl.


Noregs Mållag og Språkåret
Styret i Noregs har vedteke fylgjande mål for 2013:
  • Gjere det umogleg å kutte sidemålet etter valet 2013
  • Få fleire aktive lokallag og verve fleire medlemer, særleg yngre (under 40)
  • Syna fram nynorsken og Noregs Mållag som framtidsretta, folkeleg og frisk – lokalt og nasjonalt.
  • Organisere ein Mållagsbuss, som skal køyre rundt i Noreg og setje fokus på målsaka. Få til tilskipingar og møte lokalt, helst i samarbeid med lokale mållag.
  • Landsmøtet skal vere i Ørsta. Tema: Stortingsvalet 2013 – eit vegskilje for nynorsken.

Intervjuet er henta frå Norsk Tidend 4/2011


Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no