Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa styrkjer nynorsk språk og kultur

 (09.09.2011)

Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millionar kroner til fleire store nynorsktiltak i statsbudsjettet for 2012. Desse midlane går til aktørar som bidreg til å styrkje nynorsk språk og kultur. Av denne auken på 13,7 millionar går 2,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum. Desse pengane skal nyttast til å førebu Språkåret 2013 og til planlegging av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Det vert planlagt eit utviklingsprosjekt for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår, og den direkte bakgrunnen er at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna.

– Det vi presenterer i dag er tiltak for å styrkje nynorsken. Vi veit at det nynorske skiftspråket er under press, men dette er ikkje noko nytt og nynorsken var under press for 30 til 40 år sidan og. Dette er ein situasjon som vi som nyttar minoritetsspråket står i, og vil halde fram å stå i. Samtidig så finst det utruleg mykje positivt og viktig i Noreg rundt det nynorske skriftspråket. Det er nettopp difor det er så viktig å satse på det, seier Bård Vegar Solhjell til avisa Mørenytt.

Fjordabladet på Eid melder at stortingsrepresentant og leiar i Løvebakken Mållag, Ingrid Heggø, har vore innom til operasjef Kari Standal Pavelich i Opera Nordfjord med ei gladnyheit frå den raud-grøne regjeringa. I budsjettframlegget for 2012 ligg det inne ein auke til Opera Nordfjord på 300.000 kroner. Det inneber at samla løyving over statsbudsjettet blir 3,3 millionar kroner neste år.

Opera Nordfjord sette i fjor opp fotballoperaen Norge-Brasil, ein opera, som var på nynorsk. Operaen bruker nynorsk i mykje av si verksemd, og dette meiner regjeringa er viktig.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no