Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målbruksplan i Vinje kommune

 (12.09.2011)

1. september gjekk Vinje kommunestyre samrøystes inn for Målbruksplan for Vinje kommune, skriv LNK-nytt.

– Vi er jo eit nynorskområde og har bruk for å vere medvitne når det gjeld språk. Det heile starta med eit utspel frå Vinje Mållag som syntest målbruken i kommunen var dårleg. Dei føreslo at kommunen burde vedta ein målbruksplan, fortel Vinje-ordførar Arne Vinje (SV).

– Eg er ein ihuga målmann, så eg tok initiativet frå mållaget på alvor og gav melding til administrasjonen om at vi burde ha ein målbruksplan, legg han til.

Nå er planen klar, og i planen blir det lagt vekk på bruk av nynorsk og dialekt i både kommuneadministrasjon, skule og barnehage. Ordføraren fortel at kommunen har sett på korleis andre kommunar har utforma sine målbruksplanar og tilpassa desse til LNK-kommunen Vinje og deira behov.

– Vi er ikkje ferdige med jobben endå. Målbruksplanen føreset at vi lagar eit meir utførleg hjelpemiddel til dei som skal skrive i kommunen. Den jobben tar vi fatt på nå, seier Arne Vinje til lnk.no.

Les heile planen hjå Vinje kommune.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no