Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Samlaget skal vere det naturlege valet

 (14.09.2011)

Litteratur som brekkstong: – God litteratur vinn fram over alt, seier Edmund Austigard som snart tek over som direktør i Samlaget (Foto: Kjartan Helleve)


– Det er bra at dei andre forlaga også gjev ut nynorske skjønnlitterære bøker, både av etablerte og uetablerte forfattarar. Men målet mitt er at Samlaget skal vere av ein slik klasse at det blir det naturlege valet for dei som skriv på nynorsk, seier Edmund Austigard som snart skal ta til som direktør i Samlaget.

For fyrste gong på lenge skal forlaget få ein forfattar i direktørstolen. Edmund Austigard har lenge vaka som ein kandidat til direktørstolen i Det Norske Samlaget. Denne gongen var tida rett, og han har sjølv sagt at dette var eit tilbod ein ikkje kunne seie nei til. Men det har vore enklare tider å ta over forlaget i, med uro både internt og offentleg. Stephen Walton har sagt at han ikkje kan skjøne at Austigard vil seg sjølv så vondt. Ein kan mest få inntrykk av at Samlaget har blitt det nye NAV. Sjølv ser Austigard ikkje fullt så tungt på det.

– Ei av utfordringane mine vil nok bli å snu det inntrykket. Eg er likevel sikker på at det skal gå bra. Uansett kva som har hendt dei siste åra, så er det trekk ved forlaget som sit fast, i alle fall slik eg kjenner forlaget som forfattar. For det fyrste har dei som arbeider der ei brennande interesse for litteratur. For det andre er stemninga folkeleg, og enno prega av dugnadsånd. Denne kulturen sit jo i veggene og lever i beste velgåande sjølv om nokon går ut døra. Eg kjenner meg difor trygg på at det dette vil gå seg til med nokre forsiktige steg. Dessutan syner jo oppslaga i media at folk faktisk bryr seg om kva som hender med forlaget. Det er eit godt teikn, seier Austigard.

– På den andre sida vil eg nok ikkje kalle inn til pressekonferanse fyrste dagen på jobb og seie at no er alt i orden. Det er det resultata våre som skal seie.

To språk gjev betre litteratur
Korleis vil du definere Samlaget sitt oppdrag?
– Her må eg ta atterhald om at eg berre kjenner forlaget som forfattar. Det kan likevel ikkje vere tvil om forlaget skal kjempe for nynorsk litteratur. Spørsmålet blir meir på kva måte ein skal gjere dette. Skal ein velje ein smal, tydeleg og definert posisjon, og stå på barrikadane? Eller skal ein meir ta nynorsk som det mest naturlege i verda, og gled seg over at me har to språk her til lands? Truleg må ein ha to tankar i hovudet samstundes.

– Som forfattar har eg sjølvsagt tru på litteraturen. God litteratur vinn fram over alt. Det viser Øklands dikt, Ravatns essay og Parr sine barnebøker. Det at me har to skriftspråk, har gjort at me har fått to litterære tradisjonar som påverkar kvarandre, bryner seg på kvarandre og stundom kryssar kvarandre. Det har gjort norsk litteratur godt. Her har Samlaget vore og skal vere viktig. Denne trua på litteratur tek eg sjølvsagt med meg som forlagssjef.

Naturleg val for nynorskforfattarar
Du har sagt at dei som skriv på nynorsk skal søkje seg til Samlaget. Samstundes har ein dei siste åra sett at det dukkar opp nynorske debutantar på andre forlag.
– Det er bra at dei andre forlaga også gjev ut nynorske skjønnlitterære bøker, både av etablerte og uetablerte forfattarar. Men målet mitt er at Samlaget skal vere av ein slik klasse at det blir det naturlege valet for dei som skriv på nynorsk. Forlaget skal ha så gode redaktørar, så gode marknadsfolk og eit så godt omdøme at forfattarane har lyst til å vere der. Til tross for det biletet som blir teikna i media, så er forlaget langt på veg allereie der. Det gjeld berre å syne det fram.

– Samstundes skal me vere klår over at det finst store utfordringar for alle som gjev ut bøker og skal leve av det. Det einaste me i bokbransjen kan love kvarandre er at det kjem til å bli tøft i åra som kjem. Dei gode åra er definitivt over, og det vil bli hardt å få noko tilsvarande attende. Det betyr at det må bli teke tøffe val. Kulturansvaret som me og dei store forlaga tek kostar. Me tek det moglegvis i dobbelt mon. Det krev jo at me må vere effektive, gjerne med mindre midlar enn andre. Og det er eg overtydd om at me skal kunne greie fint.

(Intervjuet er henta frå Norsk Tidend 4-2011)

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no