Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nettmagasinett Magasinett er 15 år!

 (15.09.2011)

Magasinett fyller 15 år i dag torsdag 15. september.

Mette Karlsvik byrja som forfattar i 2002. I 2005 fekk ho Tarjei Vesaas sin debutantpris og i år fekk ho Det Norske Samlagets Sigmund Skard-stipend. Nokre månadar etter at ho fekk debutantprisen byrja ho å skrive for Magasinett.

– Kva er Magasinett for deg?
– Magasinett er kvalitet. Eg stolar på Magasinett. Og det har å gjere med redaksjonen, men òg med dei som skriv for Magasinett, mellom anna Hilde Myklebust, Are Kalvø og Nils Henrik Smith. Det er ei av dei mest interessante nettsidene som finst i landet. Og ho er undervurdert og underuttalt. Eg synest at innlegga på Magasinett held høgt nivå. Eg les dei på same måte som at eg les Morgenbladet eller Bokmagasinet, seier Karlsvik.

Midt i tenåra
– Ungdomsnettstaden Magasinett er sjølv blitt ungdom. Femten år er lenge i den digitale verda, og eg er stolt over at nettidsskriftet i dag står stødig på eigne bein, og framleis er ein læreressurs for mange - både lærarar og elevar, seier Vidar Høviskeland, styreleiar i Magasinett.

– Litt av grunnen til at nettidsskriftet har klart seg er at Magasinett har satsa på kvalitet frå dag ein. Kunstar og forfattar Gerhard Stoltz og eg tok til å arbeida med nettstaden våren 1996, som eit prosjekt i Noregs Mållag, og så godt som alle forfattarar me spurde om å vera med, takka ja til dette. Arkivet til Magasinett er gull verdt, med orginalskrivne tekstar frå fleire av dei dyktigaste forfattarane i landet. Dåverande dagleg leiar i Mållaget, Atle Faye, fortener ros og takk for at han let oss halda på med slikt i arbeidstida, held han fram.

Fleire samarbeidspartnarar
I tillegg til Noregs Mållag er Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) ein viktig samarbeidspartnar for Magasinett. Nettmagasinet blir drive ved hjelp av midlar frå Kunnskapsdepartementet. Kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan har driftsansvaret for Magasinett. Høviskeland er ikkje den einaste som har fylgt Magasinett trufast gjennom dei 15 åra.

Det same har satirikar Are Kalvø. Kvar veke blir Magasinett oppdatert med nye spark frå Kalvø.
– Kor lenge vil du halde fram med å vere spaltist for Magasinett?
– Heilt til eg ikkje har noko å skrive om, eller til nokon ser meg inn i auga og seier at det kanskje er på tide å gi seg, seier Are Kalvø.

Gjev rom for nye røyster
Medievitar Borghild Gramstad sat i styret til Magasinett heilt i starten. Ho svara ja med ein gong då ho blei spurd om å bli skribent for ungdomsnettstaden.
– Eg skreiv for ulike publikasjonar på den tida, og eg likte at Magasinett var retta mot unge, då det verka spennande å vere med på, seier ho.
– Det viktigaste med Magasinett må vera at det kan gi nye og varierte tekstar på nynorsk til skuleungdom som kanskje elles ikkje les mykje på det språket. Kanskje kan det også inspirere nokon til å skrive sjølv, legg Gramstad til.

Lærarar viktig målgruppe
Styreleiar for Magasinett, Vidar Høviskeland, trur nettmagasinet speler ei viktig rolle på nettet også
etter 15 år.
– Nynorskressursar på nettet er viktige i seg sjølv, men det at Magasinett heile tida har gitt brukarane noko å strekkja seg etter, trur eg har vore viktig. Det at nettstaden har opna Lærarrommet og arbeidd fram lærarrettleiingar, har gjort at norsklærarar og samfunnsfaglærarar meir og meir har fått augo opp for oss. Eg ser for meg at lærarar blir endå viktigare som målgruppe i framtida, seier Høviskeland.

– Kor går vegen vidare for Magasinett?
– I desse dagar drøftar styret ein alternativ driftsmodell som kan sikra Magasinett fleire redaksjonelle og økonomiske ressursar. Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare - eg ser alt fram til neste jubileum. Takk til alle som har vore med og levert stoff til Magasinett opp gjennom åra - og gratulerer med dagen, sluttar styreleiaren.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no