Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gode medlemstal

 (22.09.2011)

– Det er veldig gledeleg. Dersom medlemstalet i lokallaga med lokal innkrevjing held seg stabilt, ligg vi allereie framfor fjoråret, seier Tuva Østvedt, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.

Hittil i år er det 8 596 medlemer som har betalt medlemspengar for 2011. Om medlemstalet i dei lokallaga som har lokal innkrevjing endar på same nivå som i fjor, vil det gå mot ei god auke i medlemstalet samanlikna med fjoråret.

I fjor var det om lag 1 500 betalande medlemer i dei lokallaga som har lokal innkrevjing. Dette gjeld mellom anna alle bondeungdomslaga. Det totale medlemstalet for desse laga er ikkje heilt klart før ved nyårsskiftet. Dei har hatt temmeleg stabile medlemstal dei siste åra, og om vi legg til grunn at dei får like mange medlemer i år som i fjor, så vil talet på betalande medlemer i Noregs Mållag ha passert fjoråret. Medlemstalet for 2010 var 10 068.
– Det er ikkje noko tvil om at vi ligg veldig godt an i medlemstilgangen i år. Og alle nye medlemer som vert verva frå no av og ut året, vil vere med å bidra til eit endå sterkare resultat, seier Tuva Østvedt.

I påminninga om medlemskrav i haust lovde Mållaget at den medlemen som vart nummer 10 068 (medlemstalet frå i fjor), får ei overrasking i posten. 20. september betalte medlem nummer 10 068 medlemspengane sine.
– Gåva vert sendt ut ganske snart. Vi tykkjer dette er så moro at vi lover her og no at medlem nummer 10 125 (som var medlemstalet for 2009) også får også ei overrasking i posten, fortel Tuva Østvedt.

Vil du vere med på vervefesten? Meld deg inn!

Meld deg inn!

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no