Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Ein liten flaggdag for viljen til å bli samde

 (22.09.2011)

– 2012-normalen er den største rettskrivingsreforma for nynorsk på femti år. Inga tidlegare rettskriving for nynorsk har vore så grundig diskutert av så mange og fått så brei tilslutning. Eg sender ein stor takk til alle dei som strekte seg langt for å skape ei rettskriving for nynorsk som femner heile landet og svært ulike grupper av språkbrukarar, seier styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet.

– Vi i Språkrådet meiner vi gav statsråden eit godt råd, og vi er svært glade for avgjerda. Dette er ein liten flaggdag for viljen til å bli samde, seier Grepstad.

Omfattande tiltakspakke i 2012
– Saman med dei fremste fagmiljøa av språkfolk både i og utanfor Språkrådet går vi no i gang med å førebu innføringa av den nye rettskrivinga. Ambisjonsnivået er høgt og tida kort, seier Grepstad.

Styret fastsette i sommar ein handlingsplan for ny utgåve av Nynorskordboka, nye nettkurs i nynorsk, kurs og informasjonspakkar, og brosjyrar til heile skuleverket. Det arbeidet blir sett i gang straks.

– Mange instansar må lyfte i flokk for at 2012-normalen skal bli ein suksess og gjerast til noko meir enn ei vanleg rettskrivingsreform, seier Ottar Grepstad. Han meiner tida er inne for eit språkleg-pedagogisk kompetanselyft i nynorsk. – Innføringa av 2012-normalen bør brukast til å skape positiv merksemd rundt rettskriving og nynorsk. Altfor mange nynorskbrukarar er språkleg usikre. Det er viktig at ulike grupper lett kan ta i bruk den nye rettskrivinga, og særleg at lærarar og skular er trygge på korleis dette best kan gjerast.

Oppmodar fleire til å støtte 2012-normalen
– Mange eig i språket nynorsk, og meiningane om nynorsk rettskriving har vore både delte og sterke, seier styreleiaren i Språkrådet. – Undervegs i arbeidet med den nye rettskrivinga ønskte jamt fleire å bli samde. Riise-nemnda la fram ei samrøystes innstilling, Språkrådets fagråd for normering slutta seg til, og alle dei sentrale nynorskinstitusjonane som uttalte seg, støtta den nye rettskrivinga. På dette solide grunnlaget gjorde styret i Språkrådet eit samrøystes vedtak, seier Grepstad.

– No vonar eg at dei som har vore mot framlegget til ny rettskriving, grip sjansen til å bli med på det styrkelyftet dette er for ein moderne nynorsk der alle talemålsområda i landet endeleg er likeverdige. 2012-normalen er laga for å vare svært lenge, seier styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no