Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil hjelpe med nynorsken

 (26.09.2011)

Valdres Mållag vil hjelpe lokale verksemder, organisasjonar og privatpersonar med å skrive rett.

Styret i mållaget vil ikkje at ord og grammatikk skal stå vegen for at ein skal skrive nynorsk, og difor har dei laga eit tilbod som dei har kalla ein "Språkbank". Tanken er at dei som ynskjer hjelp skal kunne kontakte ein lokal "bankmedarbeidar".

- Mange som kunne tenkt seg å skrive på nynorsk kvir seg fordi dei kjenner seg usikre på om det dei skriv blir språkleg rett. Vi i mållaget vil sjølvsagt at fleire skal skrive nynorsk, og god nynorsk, ikkje minst her i Valdres. Difor tilbyr vi no gratis hjelp til å lesa gjennom og rette opp språklege feil, seier Bjørg Lerhol i Valdres Mållag til avisa Valdres.

Folk kan få hjelp med språk og rettskriving i brev, program, annonsar, reklame og mykje anna.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no