Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Nynorskelevane må få skrive meir nynorsk

 (26.09.2011)

– Vi treng ein opplæringspolitikk for nynorsk og bokmål som kan hente stoltheita inn att i skulen. Den stoltheita skaper vi gjennom forståing for fleirtalet, respekt for mindretalet og vilkårslaus styrking av skriftleg opplæring, sa direktør Ottar Grepstad i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur.

Talen blei framført for gjester frå heile landet i Ivar Aasen-tunet torsdag 22.september.

– Der er meir enn 100 000 lærarar i norsk skule. Tenk om dei løfta sine roser og sa som kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas gjer om NRK, at det er eit privilegium å få spegle det norske språkmangfaldet. Tenk om dei gjorde gledene større enn plikta! sa Grepstad i sin 11. årstale om nynorsk. Den timelange talen handla om opplæringspolitikken i skulen og enda i sju punkt for ein ny opplæringspolitikk.

Les heile årstalen her.

Skriftleg opplæring, men ikkje same krava til alle
Grepstad meinte det er nødvendig med endringar i opplæringspolitikken. Den viktigaste er å gjere norskfaget til eit norskfag att og utvide timetalet, sa han. – Berre ved å vere krystallklar om kva som står fast, får vi til endringar som både nynorskelevar, bokmålselevar og lærarar kan oppfatte som positive, sa han.

Han gjorde det klart at grensa går ved skriftleg opplæring og vurdering for alle. – På det grunnlaget bør alle få høve til å bli betre i hovudmålet sitt. Alle må få skrive, men alle må ikkje kunne det same eller like mykje. Nynorskelevane treng meir opplæring i skriftleg nynorsk, sa Ottar Grepstad i årstalen.

Vellykka opplæringspolitikk
I mangt har opplæringspolitikken for nynorsk gjennom meir enn 100 år vore vellykka, meinte Grepstad. – Den nynorske skriftkulturen er meir solid enn den dei fleste språka på jorda kan vise til. Den skriftlege opplæringa har skapt både motvilje og respekt, men har vore prega av at nynorsk blir for lite brukt utanfor skulen.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum tok eit handfast oppgjer med motstandarane av skriftleg opplæring. – Dei argumenta mot skriftleg nynorskopplæring som prega landet då eit lite mindretal av bokmålselevar skulle lære å skrive nynorsk, var stort sett blitt forma i ei tid då ingen hadde lært å skrive nynorsk. Desse argumenta er blitt overførte til dagens situasjon der nesten alle skal lære å skrive nynorsk. Ein slik argumentasjon gir like lite tilgjenge til Noreg som eit utgått pass, sa Ottar Grepstad i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur.

Grepstads sju punkt for ny opplæringspolitikk:

  • Kvar elev får høve til å bli best i hovudmålet sitt
  • Bokmålselevar kan gjerne få meir opplæring i å lese nynorsk enn nynorskelevane får i å lese bokmål
  • Kvar elev får meir skriftleg undervisning i hovudmålet sitt i ungdomsskule og vidaregåande skule
  • Bokmålselevar får meir opplæring i skriftleg nynorsk, og nynorskelevar får mindre opplæring i skriftleg bokmål
  • Innvandrarar får høve til fullgod integrering gjennom tilpassa opplæring i nynorsk og bokmål
  • Høgskular og universitet innfører eit kort språk- og kulturhistorisk kurs om nynorsk og bokmål for alle studentar og som lærarstudentar pliktar å følgje
  • Bokmålselevar kan gjerne få meir opplæring i å lese nynorsk enn nynorskelevane får i å lese bokmål

Ivar Aasen-tunet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no