Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt lokallag i Mållaget

 (05.10.2011)

Torleif Rogne (t.v) har gjort mykje godt arbeid for å få til oppstarten av Haram Mållag, medan Kjell Rogne Straume har takk ja til å verte fyrste leiar i laget.

Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag og medlem av styret i Noregs Mållag, held innleiing om dei viktigaste utfordringane for Mållaget i dag. Han la vekt på barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor, arbeidet for at barnekanalen NRK Super skal bruke meir nynorsk og arbeidet for ei god, obligatorisk sidemålsordning i skulen.

Den nyvalde leiaren Kjell Rogne Straume takka for tillitten og fekk med seg eit breitt samansett styre. Dei valde er:

Mette Frostad Engeseth, Vatne
Trude Finnanger, Brattvåg
Aud Marøy, Haramsøy
Jonny Rogne, Longva

Vara:
1. Magne Kjerstad, Kjerstad
2. Torleif Rogne, Longva
3. Kari Kolseth, Longva

Sunnmøre Mållag gjev det nye laget 2000 kroner i oppstartstøtte og Noregs Mållag gjev 1000 kroner i oppstartstøtte.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no