Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturdepartementet held fram satsinga på språk generelt og nynorsk spesielt

 (06.10.2011)

Regjeringa peikar i budsjettframlegget frå Kulturdepartementet på det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar, og stadfestar at det er “særlig viktig å sikre nynorsk gode utviklingsmuligheter”. Regjeringa har i budsjettet for 2012 følgt opp gode intensjonar med auka løyvingar til viktige tiltak. Unntaket er Norsk Ordbok 2014.

Noregs Mållag er skuffa over at budsjettet ikkje sikrar Norsk Ordbok 2014. Dette er eit nynorsk ordbokprosjekt som skal vere klart til 2014. Det er føreslege eit tilskot på 15,6 mill til Norsk Ordbok 2014, noko som er 680.000 mindre enn det som er naudsynt for å halde tidsplanen.
– Noregs Mållag meiner at dette ordbokprosjektet er eit unikt lyft. Det må løyvast nok midlar til at arbeidet vert ferdig til grunnlovsjubileet i 2014, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Det er gjennom Nynorsk kultursentrum løyvt midlar til førebuing av det nasjonale Språkåret 2013, i høve markeringa av at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna. Språkåret 2013 skal bidra til større aksept og respekt for nynorsk og den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket, samstundes som det skal vere ei feiring av språkmangfald.

– Det Norske Teatret får 7 millionar kroner mellom anna til vidareføring av prosjektet Det Multi Norske. Dette er eit godt døme på korleis satsing på nynorsk er ei satsing på mangfald, seier Håvard B. Øvregård. Gjennom prosjektet Det Multi Norske skal skodespelartalent med ikkje-norsk etnisk bakgrunn få utdanning på Det Norske Teatret. I tillegg inneheld prosjektet vidareføring av “Den mangfaldige scenen,” eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag.

Det er i budsjettet sett av ein halv million ekstra til Nynorsk Pressekontor (NPK). Nynorsk Pressekontor gjer eit viktig arbeid for å sikre lokalaviser riksnyhende på nynorsk.

Noregs Mållag er glad for at Edvard Hoem vert statsstipendiat. Vi gler oss også over at regjeringa doblar løyvinga til TV-dramaproduksjon. TV-dramaproduksjon er eit godt bidrag til å støtte opp om norsk språk, i konkurranse med engelskspråklege produksjonar.

– Vi nyttar også høvet til å ynskje Norsk Country Treff i Gloppen til lukke med knutepunktstatus. Denne festivalen brukar konsekvent nynorsk i marknadsføringa, som ein av få festivalar med knutepunktstatus, seier Håvard B. Øvergård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag: 917 73 157 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no