Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skulemålsvinnar frå Skåbu til haustseminar

 (07.10.2011)

Skulemålsaktivist Kristian Ekre kjem til haustseminaret på Lista. Han var med å vinne skulemålsrøystinga i Skåbu i Nord-Fron i august, og skal fortelje om arbeidet i framkant av røystinga.

Programpunktet ta for seg erfaringar frå ulike lokale aktivitetar. Akkurat dette punktet heiter: Så kjekt å vinne! Og i tillegg til Kristan Ekre frå Skåbu vil også Tom Arnt Lindeland frå Kvinlog frå ordet. Han var med å vinne skulemålsrøystinga der i 2007.

Poenget er å få fram kva slags erfaringar desse ulike bygdene har gjort seg. Er det fellestrekk mellom bygdene i Gudbrandsdalen og på Agder? For alle dei som til dagleg arbeider med skulemålsarbeid, trur vi dette vert eit inspirerande punkt på haustseminaret.

Kanskje det rett og slett er god nok grunn til å ta turen til Lista? Les om seminaret, programmet og praktisk informasjon på sidene om Haustseminaret på Lista.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no