Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Masteroppgåvestipend

 (14.10.2011)

Norsk Ordbok 2014 lyser ut eit masteroppgåvestipend på kr 15 000,-. Stipendet skal gå til ein student i norsk språkvitskap som bruker materiale frå dei nynorske leksikografiske samlingane i masteroppgåva si.

Det er laga eit større oversyn over aktuelle emne og framlegg til masteroppgåver som tek utgangspunkt i materialet. Oversynet er tilgjengeleg på nettsidene til Norsk Ordbok 2014 Du kan også ta kontakt med Norsk Ordbok 2014 v/ førstekonsulent Andreas Tandberg.

Studentar som vil søkja dette stipendet, må skriva ein kort søknad der dei gjer greie for emnet for masteroppgåva og for korleis dei nynorske samlingane er tenkt nytta. Ved søknaden skal det liggja karakterutskrift og ein kort CV (Karakterutskrift kan ein få ved å ta kontakt med HFs eksamenskontor, eksamenskontoret@hf.uio.no).

Mottakaren av stipendet skal kunna dokumentera at stipendbeløpet er brukt til bøker, reiser og anna materiell relatert til utdanninga, og mottakar må i etterkant kunna dokumentera utgiftene med originalkvitteringar.

Søknad skal sendast anten elektronisk til ase.wetas@iln.uio.no eller som brev til:

Norsk Ordbok 2014
v/prosjektdirektør
Åse Wetås
Postboks 1021 Blindern
0315 OSLO

Søknadsfrist: 1. november 2011

***
Norsk Ordbok 2014 arbeider med å ferdigstilla ei vitskapleg 12 bands dokumentasjonsordbok over det nynorske skriftspråket og det norske folkemålet. Norsk Ordbok skal vera ferdig til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. I ferdig stand kjem ordboka til å omfatta meir enn 300 000 ordartiklar. Redaksjonen arbeider no med band 10, som skal sendast til forlaget 1. mars 2012.

Store delar av grunnlagsmaterialet til Norsk Ordbok (bl.a. 3,2 millionar ordsetlar) blei digitalisert i løpet av 1990-talet. Dette store elektroniske kjeldetilfanget er tilgjengeleg gjennom Metaordboka, ein elektronisk indeks der materiale frå mange ulike kjelder ligg sortert under normaliserte oppslagsord. Samlingane omfattar vidare eit nynorsk tekstkorpus som stadig er under utbygging, og som i dag inneheld om lag 87 mill. ordformer. Korpuset inneheld tekstar frå og med andre halvdel av 1800-talet og fram til i dag og omfattar både skjønnlitteratur og sakprosa.

Både Metaordboka og det digitale tekstkorpuset er tilgjengeleg på nettsidene www.no2014.uio.no. Samlingane omfattar dessutan også målføresynopsisen, som inneheld systematisk innsamla fonologiske og morfologiske opplysningar frå heile landet ned på kommunenivå. Også synopsisen er tilgjengeleg i digital versjon og kan brukast fritt av alle som ønskjer det.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no