Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målungdommen lanserer digitaldugnad

 (18.10.2011)

Norsk Målungdom lanserer i dag satsinga som har fått namnet Nynorsk digitaldugnad. Dei unge nynorskforkjemparane ønskjer å leggje til rette for at kven som helst skal kunne bidra i arbeidet med å nynorskifisere den digitale verda.

- Planen er å engasjere tenestetilbydarar, vanlege nynorskbrukarar og våre eigne aktivistar og medlemer i ein felles innsats for digital nynorskvekst, seier Vebjørn Sture, nestleiar i Norsk Målungdom. Han vonar satsinga vil samle både nye og gamle nynorske internettaktivistar.

- Det er mange nynorskingar der ute - både i og utanfor målrørsla - som har lagt ned mange timars gratisarbeid på fritida for å omsetje nettsider, programvare og applikasjonar til nynorsk. Med Nynorsk digitaldugnad ønskjer vi å styrkje det arbeidet, både gjennom å rette søkjelyset mot det, og gjennom å rekruttere fleire bidragsytarar, seier Vebjørn Sture.

Som ein paraply for prosjektet, har Målungdomen oppretta ein eigen dugnadssentral på nettet, under den høvelege adressa dugnad.nynorsk.no. Dugnadssentralen skal fungere som rettleiing for dei som vil bidra, men kanskje ikkje veit heilt korleis, og som utstillingsvindauge for alt det som blir gjort.

- Det er mange nynorskingar der ute - både i og utanfor målrørsla - som har lagt ned mange timars gratisarbeid på fritida for å omsetje nettsider, programvare og applikasjonar til nynorsk. Med Nynorsk digitaldugnad ønskjer vi å styrkje det arbeidet, både gjennom å rette søkjelyset mot det, og gjennom å rekruttere fleire bidragsytarar, forklarer Vebjørn Sture.

Som ein paraply for prosjektet, har Målungdomen oppretta ein eigen dugnadssentral på nettet, under den høvelege adressa dugnad.nynorsk.no. Dugnadssentralen skal fungere som rettleiing for dei som vil bidra, men kanskje ikkje veit heilt korleis, og som utstillingsvindauge for alt det som blir gjort.

- Vi håpar folk bruker kommentarfelta til å skryte litt av seg sjølve når dei har bidrege med noko. Det å få sjå at andre også er med og dreg lasset, verkar ekstra inspirerande for alle, smiler Vebjørn Sture.

I første omgang blir dugnaden konsentrert om å bidra på Nynorsk Wikipedia, omsetje filmtekstar og omsetje fri programvare. NMU-nestleiaren varslar alt no at satsinga skal utvidast utover hausten og vinteren.

- Vi er særleg interesserte i å omsetje fleire tenester innanfor sosiale media. Likeins håpar vi også at vi får tilbydarar av ulike nettbanktenester og mobilordlister med på laget, slik at dei kan leggje til rette for dugnadsomsetjing av tenestene sine. Desse tinga kjem vi tilbake til så snart vi får på plass avtaler med tenestetilbydarane, lovar Vebjørn Sture.

For meir informasjon:
Vebjørn Sture, nestleiar i Norsk Målungdom
tlf: 924 16 527
e-post: vebjorn@nynorsk.no

Vil du delta i dugnaden? Sjå innom http://dugnad.nynorsk.no/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no