Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka nynorsk polferd

 (30.10.2011)

– Mållaget sprettar sjampanjen for at Vinmonopolet endeleg skal skilte på nynorsk i nynorskområde, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. No skal nesten femti norske pol få nynorskskilting.

– Det er avgjerande for nynorsken at han er til stades i kvardagen, og det har difor vore urimeleg at vinmonopol i nynorskområde har skilta på bokmål. Det er ein viktig siger at desse butikkane no får ein språkpolitikk som er i tråd med lokalsamfunnet ikring, held Håvard B. Øvregård fram.

Det var ein klage frå Voss Mållag som no har resultert i at vinmonopol i nynorskkommunar skal få nynorsk skilting og materiell. Kulturdepartementet har slege fast at dei kommunale målvedtaka skal leggje føringar for språkval i polutsala. Det er framleis uklart kva språkpolitikk som vil gjelde for polutsal der nynorsken står sterkt, men kommunen er språknøytral. Døme på slike pol er Evje, Odda, Hjelmeland og Geilo.

– Vi vonar at den omfattande omskiltinga som no kjem, gjer det lett for desse polutsala å velje nynorsk, påpeikar mållagsleiaren. Han gler seg over at det ferske vedtaket vil få omfattande konsekvensar: Til saman er det snakk om minst 43 polutsal i sju fylke, av til saman 264 norske pol.

– Kundar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Telemark, Buskerud og Oppland kan no gle seg til å kjøpe raudvin og kvitvin, avsluttar Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag: 917 73 157
Hege Lothe, informasjonskonsulent: 926 48 348
Høgoppløyseleg pressebilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Polutsal i nynorskkommunar:

Buskerud:
Ål
Gol

Oppland:
Beitostølen
Lom
Vinstra
Vågå

Telemark:

Seljord
Vinje

Møre og Romsdal:
Brattvåg
Elnesvågen
Fosnavåg
Stranda
Surnadal
Sykkylven
Ulsteinvik
Vanylven
Vestnes
Volda
Ørsta

Sogn og Fjordane:
Florø
Førde
Høyanger
Luster
Måløy
Nordfjordeid
Sandane
Sogndal
Stryn
Årdal

Hordaland:
Askøy
Bømlo
Husnes
Knarvik
Norheimsund
Os
Sotra
Stord
Voss

Rogaland:
Bryne
Klepp
Sauda
Ølen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no