Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målbar: «Nynorsk i lærarutdanninga» (æreskveld for Guri Vesaas)

 (03.11.2011)

Oslo Målbar i kveld klokka 19 på Asylet: «Nynorsk i lærarutdanninga» ved Synnøve Skjong og Inger Vederhus - ein kveld til ære for Guri Vesaas.

Oslo Mållag og Noregs Mållag har gleda av å invitere til Målbar. Synnøve Skjong og Inger Vederhus kjem for å dela sina verdfulle erfaringar med oss, på Asylet på grønland, torsdag 3. november kl. 19.

Synnøve Skjong og Inger Vederhus arbeider ved Høgskulen i Oslo, har hatt ansvaret for eit inspirerande og vellukka nynorskprosjekt på lærarutdanninga der.

Lærarutdanninga er ei av dei viktigaste slagmarkene for dagens målstrid, og Oslo Mållag og Noregs Mållag er stolte over å få vera medarrangørar til eit møte om eit så viktig tema - og her med ei så løysingsorientert vinkling!

Asylet har adresse Grønland 28. Det blir som vanleg høve til å kjøpa mat og drikke frå baren.

På landsmøtet i 2010 blei Guri Vesaas utnemnt til heidersmedlem i Noregs Mållag. Denne kvelden er ei gåve til henne frå Noregs Mållag, og det er ho som har vald tema.

Om målbaren på Facebook.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no