Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Invitasjon til høyringsinnspel om landsmøte annakvart år

 (10.11.2011)

Landsmøtet i Suldal i april 2011 bad med stort fleirtal styret om å førebu lovendring om landsmøte annakvart år til Landsmøtet 2012.

Frå møteboka for landsmøtet 2011:

Framlegg frå Valdres Mållag om endring til § 5.1:
Noregs Mållag held landsmøte annakvart år. Landsmøtet fastset saklista. Kvart fjerde år vert det vedteke eit langtidsarbeidsprogram for Noregs Mållag. Landsmøtet kan likevel vedta ei særskild hovudoppgåve for komande arbeidsår.

Vedtak: Framlegget vart ikkje vedteke.

Framlegg frå styret:
Styret tilrår at landsmøtet ikkje endrar lovene på dette landsmøtet, men tek ei røysting over om ein vil styret skal førebu lovendring på dette punktet til Landsmøtet 2012.

Resultat frå prøverøysting over framlegget frå styret: 94 røysta for, 19 røysta mot, 1 fråhalden.

Styret har vedteke at det ynskjer å ha saka ut på høyring til heile organisasjonen, slik at grunnlaget for den endelege innstillinga er tufta på synspunkta i lokal- og fylkeslaga. Dette er mellom anna av di spørsmålet om landsmøtefrekvens har vore oppe i organisasjonen fleire gonger sidan slutten av nittitalet, utan at det har fått naudsynt fleirtal. Ei drøfting på landsmøtet 2012 bør difor vera godt førebudd, og sikra at synspunkt frå laga er tekne med i grunnlaget for endelege framlegg frå styret.

I dette høyringsdokumentet finn de skisse til toårige landsmøteperiodar og ein gjennomgang av kva konsekvensar dette får. Vi har også prøvd å syna dei ulike argumenta for og mot endring av landsmøteperiodane. Sidan spørsmålet har vore teke opp fleire gonger før, har vi teke med ein historisk gjennomgang av landsmøteframlegg og -vedtak.

Som oppsummering har vi nokre høyringsspørsmål som vi bed laga om å svara på. Ut frå laga sine svar og grunngjevingar vil styret utforma eit endeleg framlegg til lovendring(ar) til landsmøtet. Styret ser fram til å få mange innspel i saka.

Høyringsdokumentet er sendt ut frå arbeidsutvalet på vegner av styret.

God lesnad!

Innhald:

1) Historikk

2) Utgreiing
a) Landsmøte kvart år
b) Landsmøte annakvart år
c) Vurderingar
d) Korleis organiserer vi mellomåra?
e) Når skal ei eventuell endring setjast i kraft?

3) Høyringsspørsmål

4) Innspel frå organisasjonen
a) Korleis er høyringa tenkt frå styret si side
b) Fristar og annan praktisk informasjon

Vedlegg: Historikk
a) Landsmøtetradisjonen i endring (endring av dagar og årstid siste 10–12 åra)
b) Tidlegare framlegg om annakvart år og resultatet av handsaminga (siste 10 åra)



1) Historikk
Her følgjer ei kort oppsummering. Fyldig historikk med ordlyd på landsmøteframlegg og vedtak ligg som vedlegg.

Frå 1906 er det berre 11 år då Noregs Mållag ikkje har hatt landsmøte; halvparten av desse var under krigen. Fram til åra etter krigen var landsmøta i tidsrommet januar til mai. Frå og med 1950 vart landsmøta lagde til sommaren, i regelen seint i juli eller tidleg i august. Landsmøtet 1999 endra dette gjennom vedtak om at landsmøta frå 2002 skulle haldast mellom 15. mars og 1. mai.

På det same landsmøtet vart det vedteke at styret skulle greia ut og førebu sak om landsmøte annakvart år til landsmøtet i år 2000. Til landsmøtet 2000 kom styret med framlegg om å ha landsmøte annakvart år, og at det skulle haldast ein nasjonal konferanse om målpolitiske emne tidleg på hausten dei åra det ikkje var landsmøte.

Landsmøtet røysta ned dette framlegget.Landsmøtet i 2004 gjorde som i 1999 vedtak om at styret skulle greia ut sak om landsmøte annakvart år til landsmøtet året etter. På landsmøtet 2005 trekte styret framlegget etter ei prøverøysting som viste at det hadde lite støtte.

Framlegget kom opp att som lovendringsframlegg frå lokallag på landsmøtet 2007, men vart også dette året trekt etter prøverøysting som synte lite støtte.

Som ein ser, har landsmøtet i løpet av dei 12 siste åra tre gonger vedteke at styret skal fremja saka til neste landsmøte og tre gonger røysta ned konkrete framlegg.



2) Utgreiing
a) Landsmøte kvart år
Etter at landsmøta dei siste ti åra har vore lagde til våren, har eit mållagsår sett slik ut:
Januar-februar: lokallagsårsmøte
Februar-mars: fylkeslagsårsmøte
April: landsmøte
September-oktober: Haustseminar (sentral tilskiping open for heile organisasjonen)
Desember: Landsrådsmøte (rådgjevande møte der fylkesleiarane er samla)

På landsmøta er det obligatorisk å ha føre:
- Godkjenning av årsmeldinga for førre arbeidsår
- Godkjenning av rekneskapen for førre kalenderår
- Vedtak på budsjett for neste arbeidsår (inkludert årspengar og leiarløn)
- Val av nye styremedlemer, valnemnd og revisor
- (arbeidsprogram, kvart tredje år)

b) Landsmøte annakvart år
Dersom organisasjonen vedtek å gå over til landsmøte annakvart år, må funksjonane som er knytte til landsmøtet, truleg endrast slik:
- Godkjenning av årsmelding – annakvart år
- Godkjenning av rekneskap – annakvart år
- Vedtak på budsjett – for dei to komande kalenderåra (inkludert årspengar og leiarløn)
- Val av styremedlemer, valnemnd og revisoro toårige valperiodar for alle ombod (eller eventuelt lengre valperiodar)
- Arbeidsprogram, til dømes for to eller fire år om gongen

c) Vurderingar
1) Organisasjonsdemokratiet
På landsmøtet er det godkjenningar, vedtak og politiske føringar som står på saklista. Møte kvart år gjer at styret rapporterer årleg til lokal- og fylkeslag om arbeidet sitt, at endringar i styresamansetninga skjer gradvis og at det i større grad er landsmøtet som gjer vedtak i viktige politiske saker som er ein del av samfunnsdebatten. Det kan vera saker som norskfaget, endringar i mållova, fleirspråkleg politikk eller normering.

Den årlege syklusen gjer også at lokal- og fylkeslaga må ha årsmøte før landsmøtet kvar vinter, dersom dei skal få brukt utsendings- og røysteretten sin på landsmøtet. Dette medverkar til god rutine i lokallaga og sikrar at flest mogleg får unnagjort formalitetane tidleg kvart år.

Samstundes er det lokallag som melder at dei ikkje deltek på landsmøte av di kostnaden er for stor. Med landsmøte annakvart år vil landsmøtekostnadene verta meir overkomelege. Om dette skjer, vil det vera styrkjande for organisasjonsdemokratiet.

2) Inspirasjon og aktivitet
Like mange kjem på landsmøta for å få inspirasjon til målarbeidet, som for å påverka eller røysta ned eit framlegg til vedtak som ligg i sakspapira. Fellesskapen som er knytt til å møta så mange andre engasjerte og aktive målfolk, er inspirerande i seg sjølv. Dei små og store samtalane i gangen, ved lunsjbordet eller i møtesalen gjev også nyttig kunnskap både organisatorisk og politisk.

For mange er det nett slike samtalar om t.d. eit arbeidsfelt eller ei tilskiping som skal til for at dei kjem på at dei kan gjera noko liknande heime i sin eigen kommune. Dermed fungerer landsmøtet som ein skule i målpolitisk arbeid lokalt, og genererer kanskje fleire aksjonar og tilskipingar ute i kommunane enn dei som ville ha kome i stand utan landsmøta.

Det har vore tydelege signal frå laga at ein ved overgang til landsmøte annakvart år må sikra inspirasjon og aktivitet gjennom årlege nasjonale samlingar/seminar som erstatning for landsmøte i mellomår.

3) Kostnader
Dei laga som har reist saka om landsmøte annakvart år over dei siste åra, har i hovudsak argumentert med økonomi. Det er dyrt å reisa på landsmøtet, i gjennomsnitt kring 5000 kroner pr utsending. For lokallag med dårleg råd kan det som nemnt over vera vanskeleg å bruka det organisasjonsdemokratiet som landsmøtet inviterer til. Dermed kan demokratiet i Mållaget vera like prega av at dei laga som har råd til det, formar politikken, medan andre lag har liten eller ingen innverknad. Det finst i dag ikkje økonomi hjå sentrallekken til å kunna subsidiera delegatane meir enn i dag, utan at landsmøtet eventuelt gjer vedtak om å nedprioritera andre arbeidsoppgåver gjennom arbeidsprogram- og budsjettvedtak.

Somme ser også på den totale pengebruken i organisasjonen, der det går med 500 000–600 000 kroner kvart år til landsmøtet. Desse pengane kunne vore brukte på tiltak som har større effekt i samfunnet rundt oss, med andre ord på aktivitet lokalt.

Økonomiske argument har vore mindre framme når det gjeld konsekvensar for sentrallekken. Landsmøta har til vanleg dei siste åra kosta kring 150 000 kroner netto for Noregs Mållag sentralt. På den eine sida er det mykje pengar. På den andre sida har alle styre dei siste åra tenkt at desse pengane skal brukast på andre samlingar og tilbod for organisasjonen i dei åra det ikkje er landsmøte. Nokon ”vinst” for sentrallekken er slik sett ikkje eit tema.

4) Bruk av andre ressursar
Sentralt har merksemda mest vore knytt til bruk av personalressursar og arbeidstid. Det går med mykje arbeidstid til å førebu landsmøta. Det knyter seg til det store omfanget av sakspapir som skal leggjast fram og til arbeidet med å få samla inn dokumentasjonen på at alle utsendingar er rett valde og har alt i orden for å få godkjent røysterett. Styret ser at når ein legg band på så mange arbeidstimar på vinteren kvart år, kjem ein ikkje utanom at det går ut over politisk arbeid i den same perioden. Mållaget har få ressursar til å driva grundig påverknads- og lobbyarbeid i samband med stortingsmeldingar eller andre saker som kjem midt i landsmøteførebuinga.

d) Korleis organiserer vi mellomåra?
I alle diskusjonar om landsmøte annakvart år har spørsmålet om kva vi gjer i mellomåra, vore framme. Ingen har teke til ordet for at landsmøtet ikkje skal erstattast av noko som helst. Det verkar såleis ikkje som eit alternativ å bruka tid og plass på.

1) Fleire landsrådsmøte
Landsrådsmøta er ei samling med styret i Noregs Mållag og alle fylkesleiarane. Landsrådet har ein rådgjevande funksjon overfor styret, og styret bruker møtet til å leggja fram aktuelle saker der det ynskjer å høyra synspunkt frå organisasjonen.

Med toårig landsmøteperiode vil det også vera to år mellom kvar gong arbeidet i styret vert lagt fram til vurdering. For å sikra formelle strukturar der styret tek opp viktige organisatoriske og politiske emne med andre delar av organisasjonen, kan ein lovfesta at det skal vera minst to landsrådsmøte dei åra det ikkje er landsmøte. Det vil då vera naturleg å ha det eine om våren, det andre om hausten.

2) Samling/seminar for heile organisasjonen
I mellomåra kan ein skipa til eit seminar på seinvinteren/våren som ein inviterer heile organisasjonen til å delta på. Eit slikt seminar bør gje rom for å gå i djupna på politiske diskusjonar i større grad enn det den tilgjengelege tida på landsmøta gjev rom for. Desse seminara bør ideelt sett ha mange deltakarar, men det er uråd å slå fast kva som skal stå på programmet og kva som elles skal til, for å lukkast med eit godt oppmøte. Det finn vi ikkje ut utan å prøva.

No lagar Mållaget til haustseminar kvart år. Desse seminara har variert stort i deltakartal, frå femti til godt over hundre påmelde. Noko av forklaringa kan vera at mange av fylkeslaga har eigne seminar om hausten, og at det blir for tett med helgetilskipingar til at det er råd å få med seg alt. Dei åra ein har eit stort seminar på våren (til erstatning for landsmøta), kan ein difor tenkja seg at Noregs Mållag ikkje skipar til haustseminar for heile organisasjonen, men at ein bruker sentrale ressursar på å styrkja dei regionale seminara. Ei slik styrking kan vera at:
- sentrallekken hjelper til med å organisera regionale seminar i staden for fylkesvise seminar
- sentrallekken gjev økonomisk støtte til dei regionale seminara, slik at ein kan gje eit rimeleg tilbod til deltakarane, t.d. gjennom låg deltakaravgift eller reiseutjamning
- styret og skrivarstova i større omfang kan delta på dei regionale seminara, gjerne med fleire personar til stades på kvart seminar

Om ein meiner at ei endring til landsmøte annakvart år berre bør gjerast om det vert erstatta med andre nasjonale møteplassar for heile organisasjonen i mellomåra, kan ein sikra seg gjennom å skriva dette inn i lovene.

e) Når skal ei eventuell endring setjast i kraft?
I arbeidsprogrammet for perioden 2011–2014 er det gjort vedtak som legg til grunn at det vert halde landsmøte i 2013 og 2014. Om ein ikkje skal endra dette, kan ei ordning med landsmøte annakvart år først byrja å gjelda i 2014 med landsmøte i partalsår.

Ved landsmøte i partalsår kjem ein utanfor valåra og kan i større grad påverka programprosessane i dei politiske partia, medan ein i oddetalsår kan påverka den komande valkampen meir direkte.



3) Høyringsspørsmål
Vi bed om at de svarar ja eller nei på dei ulike spørsmåla.
Vi bed om at alle gjev ei kort grunngjeving til svaret på spørsmål ein.

Til dei andre spørsmåla bed vi om at de kjem med grunngjeving dersom det er moment de vil styret skal ta med i den vidare saksførebuinga.

Styret gjer merksam på at svara på denne høyringa sjølvsagt ikkje er bindande for ei eventuell røysting på landsmøtet.

Høyringsspørsmål 1: Stør de ei endring av lovene slik at landsmøta vert annakvart år?

Høyringsspørsmål 2: Dersom landsmøta vert annakvart år, stør de at ein skal lovfesta at det skal haldast ei nasjonal samling / eit nasjonalt seminar kvart år det ikkje er landsmøte?

Høyringsspørsmål 3: Har de eventuelt idear til andre tilskipingar som kan koma i staden for årlege landsmøte?

Høyringsspørsmål 4: Dersom landsmøta vert annakvart år, stør de at ein skal lovfesta at det skal vera minst to landsrådsmøte dei åra det ikkje er landsmøte?

Høyringsspørsmål 5: Dersom landsmøta vert annakvart år, stør de at alle val vert gjorde for éin landsmøteperiode (to år)?

Høyringsspørsmål 6: Dersom landsmøta vert annakvart år, stør de at dei skal vera i partalsår frå og med 2014, eller i oddetalsår frå og med 2015?

Høyringsspørsmål 7: Har laget andre merknader eller innspel i denne saka?



3) Innspel frå organisasjonen

a) Korleis er høyringa tenkt frå styret si side
Styret har lagt opp til at alle ledd i organisasjonen skal få høve til å uttala seg i denne saka. Innspela frå organisasjonen vil vera grunnlaget for styret sitt endelege framlegg til landsmøtet våren 2012.

Styret vil gå gjennom svara frå lokallaga før landsrådsmøtet i desember for å leggja fram høyringssvara der. På landsrådsmøtet vert saka lagt fram til drøfting, slik at styret kan få innspel frå fylkeslaga.

Etter landsrådsmøtet vil styret gjera ferdig innstillinga på eit styremøte til vinteren, slik at utgreiing og innstilling følgjer i sakspapira til landsmøtet siste helga i april 2012.

b) Fristar og annan praktisk informasjon
25. november: Frist for innsending av innspel/høyringsfråsegner til styret

9. desember: Gjennomgang av innspela på styremøte

10.–11. desember: Landsrådsmøte der saka vert lagt fram og drøfta

2.–4. mars: Endeleg innstilling frå styret

27. mars: Utsending av sakspapir til landsmøtet (inkludert innstillinga frå styret)

27.–29. april: Landsmøte i Noregs Mållag 2012, Oslo

Send høyringsinnspel elektronisk til dagleg leiar Gro Morken Endresen på gro.morken@nm.no,eller som brev til

Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 OSLO

Vedlegg til saka finn du i dokumentet nedanfor.

Vedlegg: Historikk
a) Landsmøtetradisjonen i endring (endring av dagar og årstid siste 10–12 åra)
b) Tidlegare framlegg om annakvart år og resultatet av handsaminga (siste 10 åra)

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no