Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkpris til Ravatn og Strøksnes

 (15.11.2011)

Språkprisen 2011 gjekk til Agnes Ravatn (nynorsk) og Morten A. Strøksnes (bokmål).

- Språkprisen 2011 går til to journalistar som maktar å kombinere varierte og sterke språklege verkemiddel med refleksjon og analyse, meinte Ove Eide, Tiril Rem, Karianne Skovholt og Espen Søbye som sat i juryen for Språkprisen.

- Tekstane deira er festa i den flyktige avisverda, men det begge skriv, står seg også godt i bokform. Begge oppsøkjer samtida gjennom tekstane sine; den eine med kvast blikk for det nære og alminnelege, den andre med større rom i dei sakene han tek opp. Felles for dei to er også kreativ språkbruk og overraskande språklege vendingar som skaper ettertanke hos lesaren. Begge vinnarane har vore tydelege stemmer i norsk sakprosa på 2000-talet, meinte juryen.

Vinnarne fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Prisen vart delt ut under Språkdagen 2011 i Oslo konserthus.

Pressemelding Språkrådet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no