Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fjell Årets nynorskkommune

 (17.11.2011)

- Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Eli Årdal Berland og Liv Signe Navarsete (Foto: Fjell Kommune)


- Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Juryen har vurdert kandidatane grundig. Dei meiner Fjell kommune syner ei medviten haldning til nynorsk språk. Nynorsk er ei fagleg rettesnor og eit strategisk verkemiddel i kommunen. Eg håpar prisen vil styrkje nynorsk både i Fjell og i andre kommunar i Hordaland, seier Navarsete.

Fjell kommune legg stor vekt på godt språk hjå dei tilsette. Dei driv aktivt språkarbeid i barnehage og skule. Juryen har også lagt vekt på at kommunen er i sterk vekst og har stor tilflytting frå Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.

Prisen Årets nynorskkommune 2011 består av 100 000 kroner og eit bilete av kunstnaren Alf Christian Hvaring.

- Fjell har det siste året fått mykje merksemd i media etter at dei viste at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle slike skriv på nynorsk, seier Navarsete.

Juryen ynskjer også å heidre Vinje kommune i Telemark. Vinje får rosande omtale av juryen og eit bilete av Kristian Finborud.

Stolt
- I dag er eg stolt! Tenk å få stå her i Det norske teatret og ta imot prisen Årets nynorskkommune 2011! På vegner av Fjell kommune vil eg takka for denne gjeve prisen, sa ordførar Eli Årdal Berland då ho fekk prisen.

Ho synte til at Fjell er i gang med å revidera den 10 år gamle målbruksplanen.

- Sjølv om vi i dag har fått denne prisen, veit vi at mykje kan gjerast for å utvikla ein endå betre nynorsk språkbruk i heile organisasjonen vår. Vi ser for oss at dei pengane som følgjer med prisen mellom anna skal gå til spennande språkprosjekt retta mot den yngre garde.

- De skal vita at vi set umåteleg stor pris på denne utmerkinga. Og prisen går altså til ein kommune som tidlegare i år refsa dei statlege organa, ikkje minst departementa, for ikkje å ha sendt skriv til Fjell kommune på nynorsk slik mållova krev. Det var flott at dette vart teke på alvor, sa Eli Årdal Berland.

Ho lova at prisen skal få ein heidersplass på rådhuset og alltid minna oss om at vi aldri vert ferdige med å utvikla god nynorsk språkbruk i skrift og tale. Fjell kommune fekk også eit bilete frå vinnaren i fjor, Seljord kommune.

Tidlegare vinnarar av prisen er Stord (2009) og Seljord (2010).

Les meir på heimesida til Fjell Kommune.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no