Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen 2011 går til Morten Sandøy

 (22.11.2011)

- Morten Sandøy er ein av berebjelkane for den språklege profilen TV 2-nyhenda har. Det er på dette området TV 2 verkeleg har vore ein konkurrent til NRK, mykje takk vera prisvinnaren, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Morten Sandøy er frå Førde, og er ankermann i TV2-nyhenda og programleiar for Magasinet. Har har vore i TV 2 sidan kanalen starta opp.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Frå TV 2 kjem nyhendesjef Jan Ove Årsæther for å helsa prisvinnaren.

Utdelinga er i dag, 22. november, på Det Norske Teatret klokka 11.

Liste over tidlegare prisvinnarar av Kringkastingsprisen.

For meir informasjon:
Martin Toft, styreleiar, tlf. 415 14 038
Tarjei Vågstøl, dagleg leiar, tlf. 452 31 489

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no