Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk, ja takk!

 (23.11.2011)

Det er viktigare enn nokon gong å sikre mangfald, god integrering og eit godt fellesskap i kommune-Noreg. Mållaget er oppteke av at borna skal møte språkmangfaldet alt i barnehagen. Også denne hausten har vi hatt barnehagekampanje med slagordet ”Gjennom ord blir verda stor”.

Men det er ikkje berre borna som skal gjere seg kjende med eit nytt språkmangfald. Mange møter ikkje norsk før i vaksen alder, når dei kjem til Noreg for første gong.

Folkevalde og tilsette i kommunane kan gjere mykje godt integreringsarbeid gjennom språkopplæringa som kommunane tilbyr. Det er viktig at innvandrarane snarast råd får ein basiskunnskap i norsk. Men det er også viktig at dei forstår dei flotte, merkelege og fine dialektane som vi har i Noreg. Norskopplæring på nynorsk gjev best grunnlag for å forstå det store norske dialektmangfaldet.

Ein av dei fjernsynsreklamane flest hugsar, er taxisjåføren som får spørsmål om kvar han er frå. Spørsmålet kjem openbert på grunn av at mannen har mørk hud og rastafrisyre. Dei aller fleste som ser han, tenkjer – medvite eller umedvite – at han er utlending eller innvandrar. I det han opnar munnen og seier ”Æ e frå Harstad, enn du?”, så har han brått fått ein annan og ny identitet i hovuda til dei aller fleste sjåarane. Dialekt er nemleg sterkare enn hudfarge som assosiasjonsmakar. Nett difor burde vi gjere det lettare for innvandrarar å lære den lokale dialekten. Nett difor burde innvandrarar lære nynorsk.

Vi er mange som har vore uroa grunna manglande nynorsklæremiddel for denne gruppa. Men i dag er det nok læremiddel til å gå frå bokmåls- til nynorskundervisning. Kommunar som vil, kan ha norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk. Mållaget skal halde fram med arbeidet for å sikre retten til nynorske læremiddel og opplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar. Norskopplæring for vaksne innvandrarar bør kome inn under opplæringslova, slik at ein får lovfest at undervisningsmateriellet som vert utvikla, kjem på båe målformer til lik tid og pris.

Ein innvandrar som lærer nynorsk i staden for bokmål, vil i storparten av vårt langstrekte land òg forstå den lokale dialekten betre. Dette gjev heilt klart betre integrering, i tillegg til at det er viktig for den lokale identiteten. Ordføraren i ein nynorskkommune fekk ein vekkjar då han var nøydd å språke på bokmål i eit møte med tilflytte innvandrarar for at dei skulle forstå han. Då forstod han kor viktig dette var, og gav beskjed om at kommunen skulle få på plass norskopplæring på nynorsk for innvandrarane i kommunen.

Dette kan våre folkevalde gjere noko med. Det er både god språkpolitikk og god integreringspolitikk i kommunen. Nynorsk, ja takk!


Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no