Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samling på Vestnes

 (24.11.2011)

Dei tre fylkeslaga i Møre og Romsdal, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre møttest til felles mållagsseminar på Vestnes på laurdag.

På samlinga tok ein seg tid til å drøfte barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor, språkpolitikk i kommunane, det nye norskfaget og Språkåret 2013.

Nils Ulvund og Jan Magne Dale snakka om språkpolitikk i kommunane. Dei var opptekne av at kommunane har mykje å seie for språkbruk i barnehagane, skulane og kulturlivet. Men ofte er det slik at folkevalde og tilsette ikkje er klar over kor viktige dei er for språkpolitikken.
- Mållaget vil at kommunane skal ta ansvar for språkpolitikken, seier Nils Ulvund, Siste fem-seks åra har han arbeidd mykje med språkpolitikk i kommunane på Nordmøre. Notat frå føredraget ligg nedst på sida.

Terje Kjøde, styremedlem i Noregs Mållag og leiar i Sunnmøre Mållag, innleiia om drøftingane rundt hovudmål og sidemål i norskfaget. Han var svært oppteken av å drøfte dei konkrete politiske problemstillingane med møtelyden.

Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, snakka om barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor. Denne kampanjen har blitt godt motteken i Møre og Romsdal og i resten av landet. Til slutt var det også ein gjennomgang av planane for Språkåret 2013. Det vart også tid til god lunsj, quiz og allsong.

Målfolk på samling på Vestnes
Framme frå venstre: Audrey Digernes, Jan Magne Dahle, Terje Kjøde
Midtrekkja frå venstre: Hege Lothe, Veronika Bonaa, Trine Naadland, Anne Øien, Marit Kvammen, Tore Krøvel Dahl, Reidun Skjølsvik, Ove Strømme
Bak frå venstre: Nils Ulvund, Einar Gridset (halvt gøymd), Kristian Almås, Kjell Frøysa, Kjell Roger Straume, Antonia Straume.
Ved bordet frå venstre: Kjell Frøysa, Eli Kjøde, Nils Ulvund, Kjell Roger Straume, Antonia Straume, Ove Strømme, Jan Magne Dahle, Tore Krøvel Dahl.

Birthe Bringsvor, Torleiv Rogne og Eli Kjøde var også med på samlinga.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no