Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Erling Lægreid er død

 (25.11.2011)

Døydde brått og uventa fredag morgon. Erling Lægreid vart 72 år gammal.

(Foto: Kjartan Helleve)


Lægreid vart fødd 5. september 1939, og vaks opp på Årsdalstangen i Sogn og Fjordane. Han jobba mellom anna i Barne- og ungdomsavdelinga og var programleiar i Ungdommens radioavis, Flimra og Søndagsavisa. Han var med på å etablere radioprogramma Ekko og Dagsnytt 18. Lægreid var i NRK frå 1970 til han gjekk av med pensjon i 2009. Dei siste åra hadde han ei fast spalte i Dag og Tid der han skreiv om menneske han hadde møtt. Nokre av desse tekstane vart samla i boka Nærgåande skisser som kom ut på Samlaget i år.

– Han køyrde sitt eige løp og ga blaffen i om folk likte det eller ikkje. Han var ein vestlending av det robuste slaget, seier Åsulv Edland, som jobba saman med Lægreid sidan 70-talet til NRK Sogn og Fjordane.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no