Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt mållag i Vestfold

 (07.12.2011)

Bakkenteigen Mållag er eit av dei heilt nystarta lokallaga i Mållaget. Det er lokallag for tilsette og studentar ved Høgskolen i Vestfold. På måndag hadde laget førjulsamling med bibelomsetjing, julesongar og litt humor på programmet.

– Dette vart ei veldig kjekk samling. Anders Aschim, som har vore med på arbeidet med omsetjinga av nynorskbibelen, fortalde om dette arbeidet, fortel Gudrun Kløve Juuhl. Saman med Ommund Vareberg, prosjektleiar Kristin Barstad, professor Norunn Askeland og høgskulelektor Fredrik Borgen utgjer ho arbeidsutvalet i Bakkenteigen Mållag.

– I tillegg til dette var det opplesing av tekstar av mellom andre Ragnar Hovland og song av nokre nynorske julesongar, fortel Gudrun Kløve Juuhl, som var godt nøgd med at dei var om lag tjue på samlinga. Planane framover er å verve over ti medlemer til laget, og førebu det formelle stiftingsmøtet som blir på nyåret i 2012. Då skal laget vedta vedtekter og velje styre.

Ein viktig del av norskfaget
– Vi er vel kanskje den arbeidsplassen med flest nynorskbrukarar i fylket og i tillegg utdannar vi mange lærarar, og då passar det å ha eit mållag. I lærarutdanninga er jo nynorsk ein viktig del av norskfaget og i tillegg har vi eit bra språkfagleg miljø ved høgskulen. Med mållaget kan vi synleggjere nynorsken og språkmangfaldet generelt, seier Gudrun Kløve Juuhl til lnk-nytt.no.

– Vi er stolte over å vere det einaste institusjonsmållaget i landet, ope for både studentar og tilsette. Sjølv om Vestfold er eit bokmålsområde, så er høgskulen litt meir mangfaldig, seier ho.

Bakkenteigen Mållag er glade for at dei har fått fin merksemd lokalt. På nettsidene til høgskulen står det om førjulsamlinga, og professor Jorunn Askeland har vore på morgonsendinga til NRK Vestfold og snakka om dette spesielle mållaget.

Bilete av Bakkenteigen Mållag og Anders Aschim: Frå venstre Fredrik Borgen, Ommund Vareberg, Norunn Askeland, Anders Aschim, Kristin Barstad og Gudrun Kløve Juuhl. Foto: Jon Olav Skålid / Høgskolen i Vestfold

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no