Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Barnehagebesøk i Stavanger

 (08.12.2011)

I dag vitjar Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, to barnehagar i Stavanger. Det er Roaldsøy barnehage og Bekketunet barnehage, i samarbeid med Stavanger Mållag. Dette er ein del av barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor.

– Det er ein kampanje der vi ynskjer at borna i større grad enn i dag, skal møte nynorsken i barnehagen, som ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, seier Håvard B. Øvregård.

I barnehagen vert det fyrst sett av tid til ei lese- og forteljarstund med borna, og deretter vert det gjerne tid til å få snakke med dei tilsette i barnehagen.

– Vi er opptekne av at borna skal møte nynorsken gjennom til dømes song, bøker, rim, forteljingar og regler, og for å få til det er det viktig at dei tilsette har eit språkleg medvit i barnehagekvardagen, seier Håvard B. Øvregård.

På styremøte i Stavanger
Onsdag kveld fekk Håvard B. Øvregård også høve til å vere med på styremøtet til Stavanger Mållag. Saman drøfta dei utfordringane for nynorsken i Stavanger, spesielt innanfor barnehagen og skulen.

Stavanger Mållag har eiga side på Facebook. Den har stadig nye interessante oppdateringar, så ta gjerne turen innom sida.

Bileta er henta frå ein barnehage i Knarvik, som Håvard B. Øvregård vitja tidlegare i haust. Det er Livar Aksnes som har teke bileta.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no