Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jublar over nynorsk mobilbank!

 (15.12.2011)

Sparebank1 lanserte i går mobilbanken sin på nynorsk. - Sparebank1 har skaffa seg eit språkleg konkurransefortrinn, seier leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

- Mange bankkundar sit med inntrykket av at summen av rentevilkår og avgifter i ulike bankar går nokså opp i opp. Når Sparebank1 no tilbyr tenestene sine på det språket brukaren vil ha, skil dei seg klårt ut frå andre storbankar fordi dei bruker den fremste identitetsmarkøren - språket - til å vise at dei tek kundane på alvor, forklarer Nygård, som trur kundane set pris på at Sparebank1 tek ansvar for det norske språkmangfaldet.

Mengda av nynorsk programvare har auka dei siste åra, noko som gjer at nynorskbrukarane stadig får meir å velje i. Det gjer den unge målungdomsleiaren, som sjølv er ein hyppig mobilbankbrukar, til optimist på vegner av nynorsken. - Den teknologiske utviklinga er ikkje til hinder for meir nynorsk, men tvert imot noko som gjer det enklare for nynorskbrukarar å sjå språket sitt i kvardagen, konstaterer Nygård.

Nygård legg til at ballen no ligg hjå dei andre storbankane, som i hovudsak tilbyr tenestene sine på bokmål.
- Sparebank1 har teke steget inn i den språklege framtida. No er det opp til dei andre bankane å passe på at dei ikkje blir hengande etter, smiler Nygård.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no