Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Marit Aakre Tennø er ny tilsett i Mållaget

 (16.12.2011)

Noregs Mållag prioriterer arbeidet med norskfaget og sidemålsordninga høgt fram mot stortingsvalet hausten 2013. Eit viktig grep er å opprette ei eiga stilling som norskfagskonsulent, og Marit Aakre Tennø no er tilsett i denne stillinga.

– Eg tykkjer det er både kjekt og viktig å arbeide for nynorsken. Og det er ekstra kjekt å arbeide for ei brei folkeleg rørsle, og for ein organisasjon som er full av folk som står på for nynorsken, seier Marit Aakre Tennø, nytilsett norskfagskonsulent.

Dette er ei prosjektstilling i 80 % som varer fram til 30. september 2013. Ho byrjar i jobben måndag 2. januar 2012. Stillinga vart lyst ut i oktober, og totalt var det 14 søkjarar.

Viktig saksfelt
Oppgåvene er i hovudsak å halde oversyn over vedtak i partia både nasjonalt og regionalt om norskfaget og sidemålet, ha oppdatert oversyn over samfunnsdebatten som gjeld norskfaget og sidemålet og å skrive høyringsfråsegner, vedtaksframlegg og saksutgreiingar. I tillegg vil ho samarbeide med leiinga om politiske initiativ og medieutspel på saksfelta.

Marit Aakre Tennø bur i Jostedalen i Luster, og held fram med det. Dette tyder at arbeidet i hovudsak blir gjort frå kontoret i Sogn og Fjordane. I tillegg vert det noko reising med regelmessige kontordagar på skrivarstova i Oslo, særleg fordi det vil vere ein del møteverksemd i Oslo.

Norskfagskonsulenten vil samarbeide nært med skulemålsskrivar, dagleg leiar og leiar. Skulemålskrivar vil halde fram skulemålsarbeidet knytt til nynorsk i barnehagar, barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og oppretting av nynorsk parallellklassar, skulemålsrøystingar og så bortetter.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no