Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektpris til Therese Johaug

 (03.01.2012)

Norsk Målungdom deler ut Dialektprisen 2011 til langrennsløparen Therese Johaug. – Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg på ein positiv måte med bruk av dialekt. – Sjølv om det i dag er meir akseptert enn nokon gong å nytte dialekten sin overalt i samfunnet, er nokre dialektar mindre aksepterte enn andre. Dette gjeld spesielt bygdedialektane på austlandet, og difor er det avgjerande at personar som Therese Johaug syner fram at desse dialektane duger like godt i det offentlege rom som andre dialektar, forklarer Nygård.

– Kvar gong Johaug kjem til orde på TV eller radio syner ho fram dialektmangfaldet i Noreg på ein glimrande måte. Dialekten er ein viktig del av identiteten til mange, og det å høyre Johaug snakke si dialekt med stor sjarm og sjølvtillit, gjer det enklare for ungdom å halde på dialekten sin, avsluttar Nygård.

Landsstyret i Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen årleg sidan 2001, og prisen har vorte ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg. Johaug er dialektprisvinnar nummer ti i rekkja, og kjem i storfint selskap med mellom andre Eli Kari Gjengedal, Lars Vaular og Ravi.

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no