Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til deg som skal skipe til årsmøte

Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget. Her oppsummerer og vurderer laget året som har gått. I tillegg vedtek ein dei viktigaste prioriteringane for arbeidet i det nye året. Her er ei hugseliste til kva som bør gjerast i samband med årsmøtet.

God stemning i Sogn og Fjordane Mållag: Tor Eikemo (f.v), Eli Bjørhusdal og Marit Aakre Tennø.
Innkalling
Alle medlemene skal gjerast kjent med årsmøtet. Det kan vere gjennom lysing i lokalavisa, e-post, post eller på annan måte. Det er råd å få medlemsliste og adresseetikettar frå mållaget sentralt. Fristen for å kalle inn er i følgje mønstervedtektene tre veker før møtedato. Laga kan ha andre fristar i sine eigne vedtekter.

Rekneskap
Årsmøtet skal godkjenne rekneskapen, som skal vere gjennomgått av ettersynsmann/-kvinne.

Årsmelding
Årsmøtet skal godkjenne årsmeldinga frå styret. Det viktigaste er å gje eit greitt oversyn over aktiviteten i lokallaget i førre kalenderår.

Budsjett og arbeidsplan
Mange lokallag lagar ikkje eige budsjett og eigen arbeidsplan, men det kan likevel vere nyttig å drøfte kva laget ynskjer å gjere det komande året og korleis laget kan sikre økonomien for å kunne gjennomføre dei prioriterte oppgåvene.

Val
Ei valnemnd skal ha førebudd vala. Det vanlegaste er å velje leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og éin eller fleire styremedlemer. Fordelen med denne modellen er at kvar enkelt styremedlem har faste arbeidsoppgåver frå starten av styreperioden.

Årsmeldingsskjema
Alle lag må fylle ut årsmelding og sende inn til mållaget sentralt. Det er laga to årsmeldingsskjema, eitt for lokallag og eitt for fylkesmållag. Desse finn du på nettsidene www.nm.no under punktet “For lokallaga”. Årsmeldingsskjema ligg vedlagt. Frist for innsending av årsmeldingsskjema for lokallag er 1. mars 2012.

Val av utsendingar til fylkesårsmøte
Det er årsmøtet som må velje utsendingar til fylkesårsmøtet.
Dette er samlinga av lokallaga i eit fylkeslag og er gjerne eit triveleg møte med mange engasjerte målfolk i dykkar distrikt. Det er vanleg med to utsendingar frå kvart lokallag, men sjekk gjerne om det finst reglar for utsendings- og røysterett i vedtektene for fylkeslaget.

Val av utsendingar til landsmøtet
Årsmøtet må ha oppe sak om val av utsendingar til landsmøtet. Utsendingar med vara MÅ anten vere valde av årsmøtet for å bli godkjende, eller årsmøtet må vedta at det delegerer endeleg val til eit seinare medlems- eller styremøte. Noregs Mållag må i tilfelle ha kopi av møtebok som viser at vedtaket er delegert. Landsmøtet i Noregs Mållag er fredag 27. til sundag 29. april 2012 i Oslo.

Språkåret 2013 - Ivar Aasen-turne
Noregs Mållag skal skipe til ein turne i samband med feiringa av Ivar Aasen i Språkåret 2013. Lokallag bør drøfte korleis de kan bidra til at turneen vert ein suksess for mållaget lokalt og nasjonalt. Sjå vedlegg.

Barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor
Denne kampanjen skal oppsummerast på landsmøtet i april 2012, og for lag som ikkje har drive kampanjearbeid, er det kjekt dersom ein tek til no. Kanskje de kan invitere ein lokal barnehagetilsett til årsmøtet. For lag som har gjort noko, er det viktig å drøfte korleis ein kan følgje opp arbeidet. Ta gjerne kontakt med barnehagekampanjen@nm.no for meir tips og råd.

Innleiar frå Noregs Mållag sentralt
De kan invitere tillitsvalde eller tilsette frå sentralt til å kome på årsmøtet. De kan sjølvsagt kome med eige ynske om kva emne de vil ha innleiing om, eller innleiaren frå Noregs Mållag kan snakke om Ivar Aasen-turné i 2013, barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor eller eit anna aktuelt emne.

Send e-post direkte til dei de vil invitere, eller send e-post til Hege.Lothe@nm.no. Vi vil strekkje oss langt for å at alle skal få besøk, men dei som ikkje har hatt besøk dei siste åra, vil bli prioriterte. Noregs Mållag sentralt betaler reise og opphald i samband med årsmøtevitjingar.

Ramme rundt årsmøtet
Eit årsmøte skal også vere ein sosial møteplass. Difor er det kjekt å leggje opp til noko enkel servering, underhaldningsinnslag og tid til sosialt samvere.

Informasjon til kalenderen på nettsidene
Send melding til kalenderen@nm.no om de vil ha årsmøtet med i kalenderen på nettsidene til mållaget sentralt.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no