Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar på Nynorsksenteret

 (10.01.2012)

Torgeir Dimmen (Foto: Nynorsksentert)
Torgeir Dimmen (54) er tilsett som ny leiar frå 1. januar 2012. Han kjem frå ei undervisningsstilling ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, og har tidlegare også undervist i nordisk og mediefag ved lærarutdanninga. Han har også vore informasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Nynorsksenteret har i dag elleve tilsette og er eitt av åtte nasjonale senter som Kunnskapsdepartementet har oppretta for å styrkje opplæringa på ulike fagområde. Senteret er lokalisert ved Høgskulen i Volda, og har som mandat å styrkje nynorskopplæringa frå barnehagen til og med vidaregåande opplæring. Senteret samlar inn og dokumenterer gode røynsler frå barnehagar og skuleverket. Gratis ressursar og støttemateriell vert utvikla, systematiserte og formidla på vevsida til senteret.

Leiarstillinga ved Nynorsksenteret er på åremål. Den avtroppande leiaren, Anne Steinsvik Nordal, går tilbake til ei undervisningsstilling ved Høgskulen i Volda. Nordal har vore leiar ved Nynorsksenteret i sju år, heilt sidan starten i 2005.

Nynorsksenteret / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no