Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gratulerer som trespråkleg kommune!

 (16.01.2012)

Noregs Mållag tykkjer det er veldig bra at Storfjord kommune har vedteke å bruke både samisk og kvensk namn på kommunen. Å vere ein trespråkleg kommune er sjeldsynt, og Storfjord kommune har all mogleg grunn til åvere stolt av seg sjølv!

Det er om lag 6000 språk i verda. Mange av desse er truga, av ulike årsaker. Ei viktig årsak til at språk døyr, er at språket ikkje blir brukt. Dess mindre vi bruker eit språk, og dess sjeldnare vi møter eit språk, dess større er sjansen for at generasjonane etter oss ikkje kjem til å møte språket. Difor er det godt at kommunar som Storfjord kommune brøyter veg og viser at språkleg mangfald er eit gode som vi bør verne om og bruke mest mogleg.

Gratulerer Storfjord kommune!

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag

Les korleis Storfjord kommune vert skrive på kvensk og samisk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no