Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tine sel mjølk på feil språk

 (19.01.2012)

Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Tine tek på alvor at folk helst vil ha mjølk frå nærområdet, men bryr seg ikkje om språket til bønder og forbrukarar. Berre éin av tjue gardar er presentert på nynorsk, trass i at alle fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar.

– Heilt uforståeleg, og ein stor reklametabbe. Med berre éin av fire vestlandsgardar presentert på nynorsk, syner Tine at dei ikkje forstår kor viktig språk er for lokal identitet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Våren 2009 kjempa Mållaget for å behalde "TineMjølk" på kartongane. Då var det viktig for Tine å ha same mjølkekartongar i heile landet, samstundes som dei skrytte av å bruke nynorsk på mindre produkt med lokal forankring.

Noregs Mållag har no bede om møte med Tine for å få ei nærare forklaring på kvifor dei brukar så lite nynorsk på mjølkekartongane.

Dei fire gardane som er utvalde til å pryde mjølkekartongane på Vestlandet, er Brekke gard i Oppstryn i Stryn kommune, Kringla gard i Naustdal kommune, Sagstad gard i Meland kommune og Sæleset gard i Norheimsund i Kvam herad.

Berre den sistnemnde vert presentert på nynorsk. På Tine sine nettsider er det fullstendig nynorskfritt, der vert alle gardane presenterte på bokmål.

For fleire kommentarar: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, havard@nm.no Mobiltelefon: 917 73 157
Bilete av Håvard B. Øvregård ligg her: http://www.nm.no/_filer/haavard_b_ovregaard.jpg

Aksjonsmerke frå sist: http://www.nm.no/_filer/mjolkeknappstor1.jpg

Facebook-gruppe frå sist: Vi vil ha mjølk!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no