Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hulda Garborg-biografi kåra til Årets nynorskbok

 (23.01.2012)

Biografien Hulda Garborg - Nasjonal strateg av Arnhild Skre fekk stor merksemd då han kom ut i fjor haust. Boka vart kritikarost og vann Brageprisen for beste biografi.

Biografien Hulda Garborg - Nasjonal strateg av Arnhild Skre fekk stor merksemd då han kom ut i fjor haust. Boka vart kritikarost og vann Brageprisen for beste biografi. Arnhild Skre turnerer no landet rundt, og held føredrag om allsidige og produktive Hulda Garborg. Biografien var nominert som beste nynorskbok saman med mellom anna Edvard Hoems Bjørnson-biografi, Frode Gryttens Saganatt og Ragnar Hovland Stille natt. Det er lesarane av Dag og Tids om stemmer fram vinnaren.

Hulda Garborg var populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn?, spør Skre i boka.

Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no