Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Svekking av sidemålspplæringa er svekking av norskfaget

 (24.01.2012)

– Framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å fjerne eigen karakter i sidemål er ei dramatisk svekking av sidemålsopplæringa. Å svekkje sidemålsopplæringa er både ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i båe målformene, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han meiner det er avgjerande for å ta vare på språkrettane til nynorskbrukarane at bokmålsmajoriteten i Noreg får skriftleg opplæring i mindretalsspråket nynorsk.

Nynorsk er i dag fyrstespråket til om lag ein halv million menneske. Nynorsken vert brukt av institusjonar og folk i alle delar av samfunnet, men overlever ikkje som nasjonalt bruksspråk med mindre fleirtalet er viljug til å lære seg språket. Difor er ordningar som senkar krava til nynorskkunnskap, ikkje anna enn nedbygging av nynorsken.

– Noregs Mållag er svært glad for at alle skal lese fleire nynorske tekstar gjennom heile utdanningsløpet. Mållaget er òg glad for at departementet no vil sjå særleg på utfordringane for elevar med nynorsk som hovudmål.

– Når kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal ta stilling til spørsmåla frå Utdanningsdirektoratet etter høyringsrunden, må ho slå fast at elevane skal ha ein eigen karakter i sidemål (standpunktkarakter eller obligatorisk eksamen), og at ho held fast på målsetnaden om å styrkje nynorskopplæringa i skulen i tråd med programma til SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet, seier Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Jens Kihl, styremedlem i Noregs Mållag, 99 23 14 90 (m)
Bilete av Håvard B. Øvregård: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199


***

Dette skriv Kunnskapsdepartementet om brevet frå Utdanningsdirektoratet:

U-dir har i brev til departementet bedt om å kunne arbeide videre med følgende:

1. Skriftlig sidemål beholdes på ungdomstrinnet og studieforbr vgo, men med tydelig prioritering av hovedmålet også i formålsteksten.

2. Ulike kompetansemål for skriftlig hovedmål og sidemål som synliggjør at det stilles ulike krav til måloppnåelse for de to målformene.

3. Opplæringen i lesing generelt, og særlig av nynorske tekster styrkes gjennom hele opplæringsløpet og særlig på barnetrinnet

4. Antall standpunktkarakterer på ungdomstrinnet reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.

5. Eksamen: elevene kan trekkes ut til en sentralgitt skriftlig eksamen i sitt hovedmål etter 10.

6. Antall standpunktkarakterer i vgo - studieforberedende reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.

7. Eksamen: obligatorisk eksamen på studieforberedende i hovedmål Vg3 som i dag, trekkfageksamen i skriftlig sidemål som i dag, men med en annen innretning enn eksamen i hovedmål.

KD vil gi u-dir i oppgave å arbeide videre med et forslag til hvordan pkt 1 - 3 kan gjennomføres. Det tas ikke endelig stilling til disse spørsmålene før etter høringsrunden om ca et år. Da kan departementet følge U-dirs forslag, legge fram et eget forslag eller beholde dagens kompetansemål.

Når det gjelder forslagene 4 - 6 vil disse avklares etter høringsrunden om et år.

***

Dette meiner dei tre raud-grøne partia i eigne program:

Arbeiderpartiet
Partiprogram 2009 – 2013, under punktet: ”Kulturløftet”:
"Det er viktig å føre en offensiv språkpolitikk: Bokmål og nynorsk skal være likeverdige skriftspråk. Sidemålsundervisningen i skolen skal beholdes og forbedres."

Senterpartiet
Prinsipp- og handlingsprogram 2009 – 2013, under punktet “En skole for fellesskap og kunnskap”:
"At opplæringen i norsk skal ta sikte på å utvikle elevenes praktiske ferdigheter i beggemålformer. Vi vil derfor fortsatt ha opplæring, karakterer og eksamen i sidemål. Opplæringen kan bedres ved å ta sidemålet i bruk også i andre fag enn norsk. Sidemålet skal også komme tidligere inn i undervisningen enn i dag."

Sosialistisk Venstreparti
Arbeidsprogram 2009 - 2013, under punktet “Kap.8.4 Språkpolitikk”:
"Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp som må gjelde for alle område i det moderne medie– og teknologisamfunnet vårt. SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og fleire gode norske dataspel for born med norsk språk og innhald. SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud– og sidemål. Læremiddel, både bøker og dataprogram, skal finnast på begge målformer. Forlaga må straffast dersom nynorske læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen. Nynorskspråklege studentar skal ha rett til å få eksamensoppgåver på nynorsk på alle utdanningsinstitusjonar. For å sikre sosial og kulturell integrering av minoritetsspråklege i nynorskområde må det utviklast fleire og betre læremiddel på nynorsk for dei."
"Eit særleg viktig tiltak for vidare styrking av nynorsk er eit allment leksikon på nynorsk på internett. SV vil òg, som mållova seier, styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege. SV sluttar opp om arbeidet med ein norsk språkbank."

***

Dette meiner regjeringa:
Regjeringserklæringa Soria Moria II:
“Flere språk og to norske skriftkulturer gir egne muligheter til kulturell vekst. Regjeringen vil sikre utviklingen av norsk språk, bokmål og nynorsk. Regjeringen vil fremme tiltak som gjør det lettere å bruke nynorsk.”

***

Forum for norskfaget
Utdanningsdirektoratet har sett ned eit Forum for norskfaget som er i ferd med å avslutte sitt arbeid for direktoratet. Ein ny delrapport om norskfaget vart lagt fram i oktober og er offentleg for alle interesserte.
Delrapporten tek for seg emne som til dømes norskfaget og vurderingsordningane, forholdet mellom hovudmål og sidemål og norskfaget og fleirspråklege elevar. Sluttrapporten kjem i februar 2012.

Utdanningsdirektoratet sine framlegg til endringar i norskfaget

Les rapporten frå Forum for norskfaget hjå Utdanningsdirektoratet

Noregs Mållag har skrive dette høyringssvaret til denne delrapporten

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no