Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stør nynorsken

 (25.01.2012)

Etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen tysdag gjekk ut med at ho ønskte å svekkje sidemålet, har ho møtt motstand frå mange hald. I dag (25.01) har fleire aviser kommentert saka på leiarplass.

Bergens Tidende: "Ein språkleg kapitulasjon"

"Kristin Halvorsen vurderer å tona ned satsinga på sidemål, m.a. ved å fjerna eigen karakter i sidemål. Dette skal visstnok styrkja hovudmålet og auka innsatsen for norsk-faget. Det minner meir om kapitulasjon for høgresida,manglande respekt for stortingsvedtaket om to jamstelte målformer og endå ein spikar i kista til nynorsken. Svekking av sidemålet, som for dei fleste vil seia nynorsk, er ein underleg måte å betra norskfaget på."

"Statsråden ser ikkje at dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa. Om skulebyråden i Oslo samstundes skulle få oppfylt sitt ønskje om at kravet til tilsette i offentleg forvaltning om å beherska begge målformer må fjernast frå lova, vil unnabakken bli bratt."

"I SVs program står det at partiet «vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud- og sidemål». Der heiter det likeins at partiet vil «styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege». Sjølv ikkje eit parti i katastrofal nedgang og ein partileiar på oppseiing kan snakka seg bort frå slike skyldnader."

Rogalands Avis: "SV-Kristins nynorsktabbe"

"Først trodde vi at det var et gufs fra 80-tallets ungdomspolitikere, men det er SV-leder Kristin Halvorsen som vurderer å tone ned satsingen på sidemål, skal vi tro Dagsavisen i går."

"Kunnskapsminister Kristin Halvorsen bidrar dessverre til å øke fordommene mot nynorsk. Hun bør heller sette seg inn i de positive eksperimentene som testes ut på mange av skolene statsråden er øverste sjef for."

VG: "Kampen for tilværelsen"

"Kristin Halvorsen griper til halmstrået som skal holde SV flytende en meningsmåling til: Sidemålet. Når Unge Høyre og Frp kan trekke førstegangsvelgere på motstand mot sidemålsopplæringen - les: nynorsk - så hvorfor ikke SV?"

"Det er et tvilsomt pedagogisk prinsipp at bare man reduserer skriftligheten i et skriftlig fag, og fjerner muligheten for kontroll som en eksamen innebærer, så skal eleven lære bedre. All læring krever innsats."

"Mangfold er imidlertid en verdi vi ikke kan ta for gitt. Enfoldet har langt enklere kår. Kunnskapsministerens ansvar er større enn hensynet til SVs katastrofemålinger."

Sogn Avis: "Alvorleg åtak på nynorsken"

"Det er nynorsken, og berre nynorsken, som vil tapa dersom sidemålet blir fjerna. Argumentasjonen om at det er for tøft for norske ungdom anno 2012 å læra seg to målformer, er ikkje til å tru. Me nektar å vera med på at nivå og kapasitet hjå norske ungdomar er så kraftig svekt dei siste tiåra. Dette handlar etter vårt skjøn ikkje om kapasitet og evne. Det handlar om vilje og motivasjon. Når både lærarar og politikarar snakkar ned sidemålet i praksis nynorsken på denne måten, er det ikkje nett eigna til å få fleire til å velja seg nynorsk. Elles reknar me med friske tak om dette i regjeringa sitt underutval, kva seier du, Liv Signe Navarsete?"

Sjå og samlesida om ordskiftet på nynorsk.no, eller samlesida til avisa Framtida.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no