Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fin medlemsauke

 (25.01.2012)

Noregs Mållag opplever at mange vil støtte nynorsken etter at Utdanningsdirektoratet har kome med framlegg som vil svekkje sidemålsordninga. Sidan måndag har minst 100 meldt seg inn i Noregs Mållag. Truleg er talet endå høgare.

- Det er veldig godt å oppleve at folk bryr seg om nynorsken, og ser at eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag er ein organisasjon som samlar målfolk frå heile Noreg og har medlemer frå Frp, Høgre, via KrF, Venstre, Senterpartiet, Ap, SV og Raudt.
- Det er kjekt å sjå at mange deler vårt syn på nynorsk sin plass i skulen, og at dei har tru på at Mållaget kan gjere ein skilnad, seier dagleg leier Gro Morken Endresen.

Sist Mållaget opplevde ein slik vekst på eitt døgn var då NRK sende "mållagsepisoden" av programmet Ut i vår hage. Då fekk Norsk Målungdom og Noregs Mållag 40 medlemer på eitt døgn. Mållaget har no om lag 10 400 medlemer.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no